Ingvild Bryn vart overraska under nyheitsdivisjonen i NRK sitt fredagsmøte.

Ingvild Bryn får nynorsk­prisen for journalistar

NRK-journalisten får Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar i 2024.

Publisert Sist oppdatert

Under nyheitsdivisjonen i NRK sitt fredagsmøte vart Ingvild Bryn overraska med nyhenda om prisen.

Der dukka juryleiar Solveig Barstad opp på storskjerm med bekjed om at Bryn får Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar i 2024.

– No vart eg utruleg glad, for det er ein gjæv pris som eg er særs glad for å få. Eg har gledd meg over andre gode nynorskbrukarar som har fått prisen før, men det må vere lov å gle seg litt ekstra når ein får prisen sjølv, sa Ingvild Bryn då ho fekk overraskinga.

–  Utan manus

«I ei tid der fleire og fleire programleiarar og andre journalistar brukar dialekt som arbeidsspråk, kan Bryn halda det gåande utan manus med eit ledig og lett normert nynorsk time etter time på direktesendingar i NRK. Slik gjer ho det tydeleg og synleg at nynorsk kan brukast som nyheitsspråk om alt og til alle», skriv juryen i si grunngjeving.

– Eg kjenner på eit stort ansvar som programleiar i Dagsrevyen, og arbeider mykje med språket. Språket må vere nøkternt, nøytralt og presist, utan fargelegging. Det er spesielt viktig med krig i Ukraina, Gaza, presidentvalkamp i USA og alt som skjer i norsk politikk. No er eg den einaste programleiaren i Dagsrevyen som brukar nynorsk, men eg har mange gode kollegaer i redaksjonen å diskutere med, sa ho då ho takka for prisen.

Levande nynorsk

Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir delt ut til ein journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

Den høgtidlege utdelinga skjer under dei nynorske festspela i Aasentunet 7. juni. Bryn er den 19. mottakaren av prisen, som er på 75.000 kroner og eit kunstverk.

Powered by Labrador CMS