Blog:
Kor lett er det å vera redaktør?
Forrige veke lurte eg på kor lett det var å laga jounalistikk. Denne veka lurer eg på kor lett det er å vera redaktør.
Arbeidet som fungerande redaktør i Brostein ved Universitetet i Bergen er ein våt draum for ein akademikar som aldri turde å satsa på journalistyrket. Eg går direkte frå å forska på journalistikk til å organisera den, frå elfenbenstårnet til kontrolltårnet. Ein slik walkover kan gje sjølv den beste idealist ei kriblande kjensle av makt. Eg kvir meg allereie til den dagen Brostein er ferdig med produksjonsperioden, og eg må gå tilbake til mitt stille liv som forskar.
Det er mykje å halda orden på for vaktsjef Stig Øvreås og meg sjølv. Fordi alle studentane skal laga tre arbeid i løpet av ei veke vert det veldig mange saker. Denne veka laga 16 studentar rundt 30 saker med fotografi og/eller grafiske illustrasjonar. Det er mange reaksjonelle avgjersler som må takastog heftige diskusjonar mellom studentane og redaktørkollegiet.
Som ei ekte lokalavis fokuserer me på saker som er veldig nære og gjenkjennelege for folk som bur i Bergensdalen og sentrum. Denne veka står kommunebudsjettet og misnøye med offentleg transport i sentrum for vår kritiske journalistikk. Me køyrer på med indignasjon over evigvarande graving på Strandkaien, dårleg satsing på sykkelvegar i mange år og nedlegging av minst ein sjukeheim i budsjettet for 2011.
I beste BA-stil har me også patriotiske og begreistra artiklar om det fargerike fellesskap i Bergen, folkelivet rundt Stoltzekleiven opp og det unge alvoret hjå musikarane som deltek i rock/pop-konkurransen Emergenza.
Men det kan vel ikkje vera snakk om at Brosteins mikroskopiske øvingsoffentlegheit kan ha særleg makt? Jo, faktisk. Omtrent alle som vert oppringt av våre journalistar tek saka på høgste alvor. Myndigheitspersonar stiller opp til fotografering framfor bygningane sine, og folk som blir stoppa på gata av Fem på gata-teamet uttalar seg på største alvor. Nokon nektar å uttala seg, dei vil ha sitata til gjennomlesning, dei vil vita kva vinkling me er ute etter, og så vidare.
Våre intervjuobjekt skjønar at dette skal offenleggjerast på prinsippielt same måte som Aftenposten eller VG, og sjølv om lesartalet i utgangspunktet er minimalt, så kan sakene våre siterast, lenkast til og på andre måtar brukast som informasjonskjelde for nye utspel frå andre medier. Våre intervjuobjekt skjønar dette, og tek difor Brostein på høgste alvor. I dette perspektivet har Brostein ei heilt reell påverkingskraft.
Men paradoksalt nok følest det ikkje særleg vanskeleg å vera redaktør. Så lenge medarbeidarane er fornuftige og intervjuobjekta tek oss på alvor, så oppstår det veldig få vanskelege beslutningar. Diskusjonane handlar meir om finna ei god vinkling på saka, og sjeldan om at me står i fare for å bryta Ver Varsom-plakaten eller andre forordningar.
Redaktørjobben gjer seg nesten sjølv. Dette er tankevekkande, for det kan bety at det er eit misforhold mellom den store makta ein avisredaktør har og dei beskjedne ferdigheitane som trengst for å utøva vervet.