Blog:
Det er vanskeleg å vera redaktør
Kor lett er det å vera redaktør av eit lokalmedium for Bergen, spurte eg i forrige blogginnlegg. Då var eg ganske kjepphøg i konklusjonen, men i løpet av den månaden som har gått har eg skjønt at det ikkje er så lett som eg fyrst trudde.
Men lat meg gjenta at eg ikkje synest det er vanskeleg å skjøtta ein redaksjonell profil, laga vinklingar og redigera innhaldet i Brostein, og det er heller ikkje vanskeleg å halda seg innafor dei etiske retningslinjene for journalistikk.
Det vanskelege kjem frå at ein redaktør har eit personalansvar, og det er lett å undervurdera kompleksiteten i dette djupt menneskelege forholdet. Som sjef over andre sin tidsbruk så har du ansvar for motivasjon, trivsel og andre menneskelege eigenskapar, samstundes som du skal pressa fram eit best mogeleg resultat på ein effektiv måte.
Etter seks vekers praksis med 51 studentar som mine ’tilsette’ har eg lært at det er vanskeleg å få alle til å fungera godt i sine rollar som journalistar, fotografar og redigerarar, og det er vanskeleg å få dei til å yta sitt beste.
In medias res: Rundt klokka 12 på fredag er det hektisk i redaksjonen. Siste finpuss blir lagt på sakene me har laga i løpet av veka, og alt skal publiserast i løpet av ettermiddagen. Dei siste vekene har det handla om å laga TV-reportasjar som liknar på NRK Hordaland ogTV 2 Nyhetskanalen. Her har studentane arbeidd med forhåndsresearch, intervjuteknikk, innklippsbilete, og dei har prøvd å laga fine samanhengar mellom speak, intervjutale og biletlegging.
Desse vekene har eg lært at det ikkje er bra hvis redaktøren må vera til stades heile tida for å pressa fram resultat. Det er viktig å kunna delegera arbeidsoppgåver og ansvar til vaktsjefar og andre, og ikkje vera Jimmy Carter-aktig kontrollfrik. Men det er avgjerande at dei som har delansvar også har autoritet overfor studentane, slik at myndigheita ikkje blir vatna ut, men omfordelt på ein treffsikker måte.
Redaktøren skal inspirera sine tilsette til å gjera sitt beste, og det er slett ikkje enkelt. Det er sjølvsagt viktig med god kvalitet, ellers vert ikkje ting ferdig til deadline, eller journalistikken er slapp og dårleg. I denne samanhengen må redaktøren fungera som ein inspirator, gjennom redaksjonsmøte i plenum, og samtalar ein til ein. Mekanismen er for så vidt enkel i teorien.
Initiativrike folk må premierast. Uavhengig av om du er einig i sak, så må du anerkjenna energibruken. Nokon studentar gjer ein innsats utover det som er påkrevd, til dømes ved å sitja på brannbilen ein heile dag, og skriva featuresak om det.
Originalitet og kreativitet må oppdagast og rosast. Det var smart av mine studentar å filma langs bakken for å simulera kattens perspektiv på verda. Ei anna gruppe skulle klippa frå ordførar på Torgallmenning til rusmisbrukarar, og zooma inn på ein megafon i bruk på torgalmenningen , og så klipte dei til logoen for bladet Megafon, som vert utgitt og selt av rusmisbrukarar.
Det går utover moralen til alle tilsette dersom nokon få får lov å gjera dårleg arbeid utan at nokon seier i frå, eller stadig vekk har unnskyldningar for at noko ikkje vart gjort. Dårleg arbeid må straffast.
Redaktøren må vera istand til å oppdaga unnasluntrarar. Pliktene må vera tilstrekkeleg forskjellige frå kvarandre til at du ser kven sin feil det er hvis noko ikkje er gjort, eller er gjort veldig dårleg. Det er viktig å finna ut av dårleg arbeid utan at dei som fortel om det havnar i rolla som tystar.
Dette gulrot og pisk-systemet er vanskeleg å læra seg, og eg for min del er på læregutstadiet. Eg er frista til å seia at det krev mange års erfaring å meistra eit personalansvar ordentleg godt. ”Redaktørjobben gjer seg nesten sjølv”, skreiv eg i forrige blogginnlegg. Eg trekkjer no tilbake påstanden, og ber om orsaking for min hybris.
Sukk!