Blog:
Nervøse mediestudentar i Bergen
Over heile Norge har nye journaliststudentar akkurat kome i gang med sitt nye fag. Hjernar i arbeid er eit vakkert syn. Dusinvis av menneske skjønar poenget sakte men, sikkert, og enten noterer dei flittig, rekker handa i vêret eller kastar viskelær etter meg. Dette er hermeneutikk på sitt mest intense.
Mi viktigaste oppgåve denne hausten er å introdusera dei 53 nye studentane til dei viktigaste ferdigheitene innafor medieproduksjon i brei forstand. Det faktum at oppgåva er umogeleg gjer den berre meir interessant.
Studentane går på tre forskjellige bachelorutdanningar ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen. 12 stabsmedlemmer ved Infomedia i Bergen er involvert i den tekniske, praktiske og akademiske undervisninga, så det er eit stort opplegg.
Kurset inneber hektisk skriving, filming og formgjeving av offentleg innhald, hovudsakleg i form av journalistikk, TV-reportasje og faktaformidling på web. Me får besøk av ei rekkje gjesteforelesarar, blant anna Alex Iversen i TV 2 og sosiale medier-forskar Jon Hoem.
Utgangspunktet er det beste, for studentane er superinteresserte. På forelesinga i går fekk me besøk av Synnøve Bakke og Kjersti Knudssøn i NRK Brennpunkt, som fortalte levande om sin slagkraftige gravejournalistikk. Etter forelesinga stod ca. ti studentar igjen og ville snakka meir med dei, og fleire av dei spurte om dei kunne få hjelpa til (dei fleste var kvinnlege studentar). Ei jente skalv av engasjement då ho snakka med Bakke og Knudssøn, og fleire var tydeleg nervøse for å ta ordet.
Min jobb er likevel å trekka dei ned på jorda. Studentar tenkjer sjølve, og nettopp difor treng dei kritisk motstand slik at dei skjønar kor komplisert verda er, og får skjerpa tenkjemåten sin enten dei vil eller ikkje. Då blir dei best mogeleg skodd til å møter verkelegheita der ute (som de andre er).
Denne bloggen kjem hovudsakleg til å handla om ting som skjer på introduksjonskurset utover hausten. Istadenfor å få endå ein journalist sitt perspektiv på norsk journalistikk får du akademikarens. Akademia skal skapa sjølvutvikling innafor kontrollerte rammer, me skal ikkje skapa profitt for eigaren vår. Universitetet legg vekt på dei ferdigheitene som er strengt fagleg nødvendige, og legg lite vekt på kva bransjen treng slags folk. Me har høve til å la kritisk grunnhaldning, etikk og metode står i fokus i meir radikal grad enn nokon vanlege medier.
Eg reknar med å få nokre gode tips og kanskje litt kritikk. Eg ser for meg at det kan koma kritikk både frå studentane som tek kurset og deltakarane i Journalistens nettoffentlegheit. Eg tek seriøs kritikk på større alvor enn høfleg koseprat. Sjølv om universitetet ikkje kan endra kursopplegget mens eit kurs held på, så går det an å gjera endringar frå neste haust.