Bertel Haarder. Foto: Danmarks Radio.

Til helvede ad!

(KOMMENTAR:) Slike som Bertel Haarder er ikkje problemet, dei er løysinga.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

”Spør, for satan!”, ”Piss meg i øret!”, ”Ditt svin!”. «Til helvede ad!». Dei fleste har vel sett intervjuet no, men i skrivande stund er norsk presse full av oppslag om den danske helseministeren Bertel Haarder som gjekk amok mot ein journalist i Danmarks Radio då reporteren gong etter gong stilte det same tåpelege spørsmålet om eit utval Haarder ikkje kjende til.

Ein av mange medieanalytikarar – for ein metatittel – som har uttala seg om framferda til Haarder, er SV-rådgjevaren Ketil Raknes. Av mykje bla-bla seier han mellom anna dette til Klassekampen:

”Da jeg så dette innslaget, tenkte jeg: Dette er en politiker som er vant til å vinne valg”, og: “Dette kan han egentlig ut og inn. Men så kom han i en situasjon hvor han handlet i affekt. Det skjer når han får spørsmål om et utvalg han har satt ned, men som han ikke kjenner detaljene i. Den nåværende danske regjeringen har sittet siden 2001. Når de har vunnet tre valg, er det blant annet fordi de har vært veldig flinke på dagsordenkontroll, og styre hva mediene skal være opptatt av.”

Per Edgar Kokkvold, som trass i alt er ein flink fyr, seier vidare til same avis: “Jeg tror han kommer til å få svi for dette i opinionen.”

Sitata synleggjer problemet med å vera medieanalytikar eller -kommentator. Dei to anar ingenting om Haarder, likevel pratar dei av garde. Eg, derimot, har intervjua han nokre gonger, nytta han i to bøker og har fylgt han sidan han vart integrasjonsminister i den fyrste regjeringa til Anders Fogh Rasmussen i 2001.

Fyrste gong eg intervjua Haarder, var i desember 2003. Det var beint ut sagt ei fantastisk oppleving. Han skjelte ut FN, Erna Solberg, meg og ei rekkje andre. Då han fekk sitatsjekk, fylgde ei ny bylgje med skjenn per telefon.

For noget satans pjatt!” “Har du ikke forsått noget?!” ”Du skal høre på hvad jeg siger, ikke hvad du biller dig ind at jeg har sagt!” Vi vart i grunnen nokså gode vener. Då eg trefte han eit par år seinare, lyste han opp som ei sol då han såg meg.

Bertel Haarder er Danmarks mest røynde politikar. Han vart fylkesordførar som sjuogtjueåring, er ein glitrande akademikar og har styrt mykje av Danmarks EU-politikk både frå Brussel og frå København. Han er òg Danmarks mest kjende kolerikar og har gong etter gong vorte kåra til den mest populære politikaren i landet, både på grunn av humøret og av di han stod bak den no verdskjende innstraminga i innvandringspolitikken.

Det er mogeleg at regjeringa har ein mediestrategi på vegner av Haarder, men den har han i tilfelle aldri fylgt. Han gjer nett som han vil andsynes media. Han stiller konsekvent opp for pressa, tek seg god tid, snakkar ope, kjeftar og ropar og er full av humor. Slik har han vore i alle år, og slik kjem han til å vera i mange år til.

Min påstand er at Haarder er så populær av di han ikkje har ein strategi, men av di han er seg sjølv. Han høyrer til ein utdøyande generasjon av politikarar, dei som kom inn i politikken før han vart mediestyrd, før politikken var tilpassa det politikarane til kvar tid trur journalistar og opinionen måtte meina. Haarder er i politikken av di han vil noko, og han har høg nok tru på seg sjølv og eigen intelligens til å gå imot det som til kvar tid er politisk korrekt. Eitt kan eg garantera: Utskjellinga av reporteren til DR kjem til å gjera han endå meir populær i Danmark.

Problemet med dagens politikarar er ikkje skort på mediekompetanse; problemet er at dei trur at media er viktige, og at media i stor grad kan styra kva veljarane til kvar tid måtte meina om dei. Problemet er altså ikkje politikarar som Haarder, problemet er slike personar som Raknes, som har fått eller tilrana seg retten å styra medieutspel og som har til oppgåve å skaffa mange og venlege oppslag om dei politikarane som til kvar tid betaler løna hans.

Slike som Raknes har gjeve store tilskot til politikarforakta. For vi veit det no: Folk er lei av metaperspektivet, folk er lei av velregisserte og strigla politikarar og dei platte og inkjeseiande utspela deira.

Hadde politikarar flest vore som Haarder, eller som Carl I. Hagen, eller som Lars Sponheim og Kristin Halvorsen – når ho ikkje lèt seg styra av Raknes og hans like – hadde både politikken spesielt og demokratiet generelt fungert mykje betre. Den dagen Jens Stoltenberg byrjar å skjella ut inkompetente journalistar, den dagen han byrjar å snakk fritt, er den dagen han vert populær.

Vi treng ikkje fleire medieanalytikarar; vi treng politikarar som kan snakka – tydeleg og klårt.

(Se hele intervjuet her.)

Powered by Labrador CMS