Siri Lill Mannes gjorde ansiktsgymnas­tikk på direkten. Tegning: Lars Lauvik

Grimasar i ruta

SIRI LILL MANNES (tidligere TV 2): Min største tabbe kom kort tid etter at eg overtok som anker for hovedsendingane til TV 2 Nyhetene. Nå var det flaggskipet, 21-sendinga, det handla om.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Me plei­de all­tid prøvekøyre head­li­nes ein gong før sen­ding, for å sjek­ke at bil­de og tekst stemde overeins. Et­ter prø­ven blei eg sitjande og var­me opp med an­sikts­gym­nas­tikk, slik me had­de lært, mens eg venta på at me skul­le star­te sendinga.

Pro­ble­met var at ak­ku­rat den­ne gon­gen var det ikkje tid til å tes­te head­li­nes pga eit anna tek­nisk pro­blem. Det had­de eg ikkje fått med meg, for­di bat­te­ri­et i øyrepluggen min var dødt. Re­sul­ta­tet var at dei un­der­le­ge gri­ma­se­ne mine gjekk rett ut til det nor­ske folk. Den tau­se, men svært vi­su­el­le se­an­sen var­te kan­skje i 15-20 lan­ge se­kund.

Eg ante in­gen­ting før pro­du­sen­ten brått brøl­te inn i stu­dio: «Siri, du er PÅ!!!» Det kjentest som Mike Ty­son had­de slått meg i ma­gen. Eit frykteleg se­kund el­ler to lur­te eg på om eg skul­le be­kla­ge. Den før­s­te saka i sendinga var imid­ler­tid vel­dig trist, og eg val­de å ber­re gå rett vi­de­re til den. Pus­sig nok gjekk res­ten av sendinga fint og utan fleire feil­skjær.

Då eg kom ut et­ter sen­ding var det heilt stil­le i re­dak­sjo­nen, alle stirra stumt og alvorleg ned i skjermane sine. In­gen sa eit knyst før eg spruta ut i lat­ter – og då eks­plo­der­te det for dei and­re også. Til slutt låg folk og rul­la rundt på golvet og lo. Den nat­ta klar­te eg knapt å sove. Eg har vel sjeldan ledd så mykje på eit døgn. Epi­so­den gav oss opp­sving i ra­ting den kvel­den, blei kåra til årets tv-tab­be i VG, og gav forhåpentleg man­ge men­nes­ke ei min­ne­rik og mor­som opp­le­ving. TV2 har også brukt den mas­se et­ter­på i lys­ti­ge samanhengar. 

Powered by Labrador CMS