Ukritisk frå NRK Sogn og Fjordane?

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

I ein kronikk i Klassekampen som seinare også blir trykt i Bergens Tidende går Anne Viken hardt ut mot lokalmedia i Sogn og Fjordane. Påstått manglande dekning av Vest Tank-eksplosjonen og kritisk journalistikk av denne hendinga blir brukt til å fortelja at det redaksjonelle nivået er sørgjeleg lågt i Sogn og Fjordane.

Debatt om journalistikk er av det gode, men bør tuftast på fakta. Status for NRK Sogn og Fjordane sin del er følgjande:

Dei to siste månadane har NRK sendt om lag 20 saker i NRK Dagsnytt og NRK Dagsrevyen om etterspelet etter eksplosjonen. Mesteparten av sakene er produsert av NRK Sogn og Fjordane, dei fleste eigensaker.

Sidan eksplosjonen for vel eit år sidan har vi laga 50 slike riskssaker. NRK Sogn og Fjordane har hatt ein journalist som har følgt med på styresmaktene si handtering av denne saka, Trude Bakke. Ho har laga ein dokumentarserie for radio på fire program sendt på NRK Sogn og Fjordane, NRK Hordaland og delvis i NRK Nyhetsmorgen på P2. Den same Bakke har parallelt med dette laga 12 saker til Dagsnytt og tre til Dagsrevyen.

Reportasjeserien fekk styremaktene til å innsjå at det var på tide å reagera: Fylkeslege Petter Øgar slo full alarm om stoda til Folkehelseinstituttet som opna ny gransking av saka.

God, kritisk journalistikk altså, som må ha gått kronikkskribenten til Klassekampen hus forbi!

Eller kva med rådmannssaka i Nordfjord og på Sunnmøre der NRK Sogn og Fjordane har rådd grunnen åleine – med avsløringar av omfattande sponsing av rådmennene sine utanlandsturar. Saka hadde alle element av ei god gravesak som resulterte i at leiaren av rådmannslaget gjekk av, kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa kjem på bana og ber rådmennene offentleggjera rekneskapa sine. Og til slutt: Full offentleggjering av alle smøreturar, kven som betalte turane, og endra praksis av aktiviteten til laget!

Faktum er at NRK Sogn og Fjordane har eit klart fokus på denne typen journalistisk arbeid. Av og til lukkast vi, andre gonger ikkje. Men truleg er vi, utan å vera beskjeden, og i forhold til storleiken på redaksjonen, blant dei lokalredakasjonane i landet som set mest nasjonal dagsorden.

Og sidan SKUP-leiar Håkon Haugsbø stempla underteikna som gjerrig då vi berre betalte SKUP-konferanse for ein av journalistane våre, er det på plass med ei oppklaring:

Det kom inn seks søknadar frå ein redaksjonell stab på 29 (inkl. teknikarar, fotografar og programleiarar). Ein av søknadane var relevant for ein slik konferanse, dette informerte vi NJ-klubben på huset om, og dette vart akseptert.

Då blir det rart av Haugsbø, på Sogn og Fjordane Journalistlag sin nettsider, å kritisera oss for at vi ikkje vil senda fleire til konferansen han er leiar for. Ein slik konferanse passar ikkje for alle – NRK sender heller ikkje Vidar Lønn-Arnesen på SKUP! Men han er ein bra mann for NRK for det!

Eg aksepterer heller ikkje premissen i argumentet til Viken som går ut på at NRK Sogn og Fjordane har få deltakarar på SKUP, difor er vi dårlege journalistar. Konferansen har eit godt program, og det sosiale utbytet er stort, men arrangørane må akseptera at dette langt ifrå er den einaste måten å oppdatera seg fagleg på.

Og er det verkeleg katastrofalt dårleg av ein nyheitsredaksjon på ca. femten å senda ein journalist til denne konferansen?

Neste år sender eg i alle fall Bård Siem til SKUP-konferansen, journalisten som avslørte smøreturane til rådmannslaget på Sunnmøre og i Nordfjord. Kanskje kjem han heim med diplom?

Og til Anne Viken: Du er hjarteleg velkommen til å stikka innom NRK-redaksjonen i Førde neste gong du er i heimfylket. Ta gjerne ein prat med Trude Bakke som har jobba natt og dag i over eit år med Vest-Tank ulukka. Eller kanskje ein av fotografane som har lagt bak seg tusenvis av kilometer på vegen mellom Sløvåg og Sunnfjord for å dokumentera hendinga? Dette er tøft arbeid! Minst like tøft som på desken i Klassekampen.

Powered by Labrador CMS