Mont Blanc og nattbordslampa

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Aftenposten – avisa som skriv på leiarplass at hijab i politiet er heilt uproblematisk for så å senda politisk redaktør rundt i eit ukjent tal tv- og radiostudio for der å fortelja det norske folk at regjeringa ikkje forstår verdispørsmål – kan ein alltid stola på. 15. februar fann Halvor Tjønn, mannen som er galen nok til å skriva Muhammed-biografi, ut at han ville skriva litt om leiaren for Det europeiske fatwarådet, Yusuf al-Qaradawi. Tjønn fortalde at al-Qaradawi hyllar Hitler og meiner jødane fekk som fortent i gassomnane.

 

Det er i og for seg ikkje noko nytt at al-Qaradawi seier slikt, men no hadde han altså sagt det igjen. Al-Qaradawi likar òg tanken på å stikka gloheitt jarn inn i ulike kroppsopningar på homofile, omskjering, konepryling og litt til. Og på leiarplass skreiv Aftenposten at slikt som al-Qaradawi står for, ville ikkje Aftenposten vita noko av.

Så var det berre dette som Hege Storhaug peika på i eit lesarinnlegg at Inger Anne Olsen, over fleire sider i A-magasinet, berre to år før hadde hylla den same al-Qaradawi som vår tids «Klara Klok». Storhaug bad Aftenposten be lesarane om orsaking for hyllinga av svinepelsen. Det har, som Helge Øgrim har peika på i ein kommentar, Aftenposten ikkje gjort. Og det kjem dei ikkje til å gjera.

 

Eg er ikkje overraska. Hausten 2003 avslørde eg i Morgenbladet tidlegare kulturredaktør i Dagbladet og alles gode ven, Karsten Alnæs, som ein rabiat plagiator. Han hadde stole side opp og side ned av Historien om Norge frå andre forfattarar. Det likte ikkje Aftenposten og Dagbladet. John Olav Egeland hevda at Morgenbladet og eg dreiv ein «kampanje» mot Alnæs, Dag Kullerud meinte at vi hadde lyst «opp Mont Blanc med ei nattbordslampe» – ja, Alnæs var Mont Blanc – og den ikkje alltid like koherente Arnild Skre hevda at eg stod bak ein «drittpakke» mot heidersmannen Alnæs. Det alle tre hadde til felles var at dei ikkje hadde gjort noko som helst freistnad på å setja seg inn i saka.

Nokre månader etter skulle Alnæs gje ut eit nytt kopiverk, og Aftenpostens Kaja Korsvold stilte lydig opp og portretterte Alnæs og fortalde lesarane at vi i Morgenbladet var bitre og urettvise. Då eg skreiv eit svarinnlegg til Aftenposten, sa kulturredaktør Per Andres Madsen at eg ikkje fekk noko innlegg på trykk om eg insisterte på å namngje Korsvold.

Det stogga ikkje der: Gyldendalsjef Geir Mork vart uroleg for salet og den planlagde praktverklanseringa av Historien om Norge til 2005-markeringa. Dåverande redaktør av Samtiden, Knut Olav Åmås, sleppte til Mork over mange sider i Samtiden. Mork hevda at eg hadde juksa og manipulert og at Alnæs var heilt uskuldig, for det hadde nokre Gyldendal-betalte advokatar funne ut.

Vel, enden på visa vart at Forleggerforeningen og Norsk faglitterære forfatterforening (NFF) kjende seg så pressa av sure forfattarar at dei sette ned eit uval. Våre fremste litteratur- og jusprofessorar fekk eit ukjent tal hundretusen for å dokumentera det vi alt visste: Alnæs var både juridisk og moralsk skuldig, han hadde kopiert i ein industriell skala.

 

Så vart det stilt. Kullerud skreiv ingenting, Skre ingenting og Egeland ingenting. NFF som representerer mange av dei som har vorte kopierte, let elles vera å saksøkja Gyldendal og Alnæs, som framleis er mangemillionær på Historien om Norge og framleis skriv kommentarar i Aftenposten.

Kva fortel dette om norske medier? Vel, det fortel at Egeland, Skre, Aftenposten og Dagbladet manglar moralsk ryggrad, men det visste vi vel frå før. Korkje al-Qaradawi- eller Alnæs-saka er trist nok unik. Og det får fylgjer. Det store biletet er at den manglande viljen pressa har til å setja søkjeljoset på seg sjølv, er ein fordel for makta. Når vi ikkje korrigerer oss sjølve, vinn Øystein Stray Spetalen og Arne H. Fredly. Det mindre biletet er at journalistikken og journalistane vert dårlegare enn dei elles kunne ha vore.

Så kva gjer vi? Det er i grunnen nokså banalt: Slår du opp på side 2 i den danske avisa Politikken finn du spalta «Fejl og fakta». Der fortel lesarredaktøren Flemming Ytzen om feil han og andre har funne i avisa. Norske aviser bør gjera det same, men gå lenger. Ytzen avslører ikkje namna på dei journalistane som har skrive feila, det bør vi. I tillegg har eg eit meir fromt ynskje: I nyttårsveka bør norske leiarskribentar og kommentatorar oppsummera året som gjekk, dei bør enkelt og greitt fortelja lesarane om det dei tok feil om i året som gjekk.

 

Dessutan bør Spetalen og Fredly setja opp eit fond for folk som vil saksøkja norsk presse.

Og ja: Eg har sjølv fleire svin på skogen. Meir om det ein annan gong

Powered by Labrador CMS