starter 1. mars i ny jobb i TV 2. Hun skal primært ha ansvaret for politikk og samfunn i et nytt underholdnings- og aktualitetsmagasin. Lunde kommer fra Warner Music...
Raude journalistspirer
Journaliststudentane ved Høgskolen i Oslo vil stemma raudgrønt. Frp hamnar på mikroplass.
– Eg får håpa at journaliststudentane tek til vitet, seier Per Valebrokk, redaktør og administrerande direktør for E24.
Valebrokk reagerer på dei førebelse tala frå ei ny undersøking som viser ei klar venstrevridning blant førsteårsstudentane ved bachelorstudiet i journalistikk ved Høgskolen i Oslo (HiO). Undersøkinga stilte mellom anna dette spørsmålet: ”Kva politisk parti vil du stemma på ved Stortingsvalet 2009?” Studentane gjev dei raudgrøne partia 51 prosent av stemmene. Dette utgjer 64 prosent av dei som har bestemt seg.
Fløypartiet Rødt får støtte frå 11 prosent, medan FrP får skarve 3 prosents oppslutning. Valebrokk meiner dette kan vera uheldig for journaliststanden.
Lærarskuld
– Politiske sympatiar kan påverka journalistens evne til å presentera ulike parti. Venstrevridinga kan øydelegga for omdømmet til journalistane. Om tala frå undersøkinga stemmer så er Rødt fire gonger så stort som FrP blant desse studentane. Det er ikkje tillitsvekkjande for publikum, seier Valebrokk.
Han meiner at lærarane har si del av skulda for at studentane heller mot venstre i politikken.
– Mykje tydar på at lærarane ved journalistutdanningane er elitistiske. Me har eit døme frå hovudstaden der ein lærar oppmoda studentane om å ikkje søka jobb i VG. Den avisa var liksom ikkje god nok, seier E24- redaktøren og legg til:
– Det er ikkje atypisk at studentar er venstrevridde, men det kan bli eit problem om alle fortset å vera det ute i arbeidslivet.
Idealistar
Professor Frank Aarebrot har ei årrekkje kartlagt ”den typiske norske journalist”. Han er ikkje overraska over tala som no blir presentert.
– Desse studentane er kreative idealistar som er lite opptekne av pengar og dei stemmer deretter. Det er ikkje noko rart at dei stemmer på andre parti enn det NHH- studentar gjer, seier Aarebrot.
Journaliststudentane kjem med overveldande støtte til den sitjande regjeringa. Aarebrot meiner likevel at dette ikkje vil føra til ”dulling” med politikarar på venstresida. Han nemner Valla- saka som eit døme: ”ho kjende seg nok ikkje spesielt godt handsama av media.” Venstresympatiane kan heller gje meir skjulte, indirekte utslag i journalistanes prioriteringar, fryktar Aarebrot.
– Problemet er at redaksjonar blir indirekte påverka av partipreferansar. Me ser dette til dømes når NRK planlegg sine valsendingar: når dei skal presentera eit fløyparti vel dei oftast Rødt. Dette til tross for at Kystpartiet har hatt representant på Stortinget to periodar. Partipreferansar påverkar disponeringane som redaksjonane gjer.
Laber politikkinteresse
Det er professor Rune Ottosen ved HiO som står bak undersøkinga blant førsteårsstudentane. Tala vart presentert 1. september som ein del av eit undervisningsopplegg, og Ottosen understrekar at 10% av svara enno ikkje er ferdiganalyserte.
– Eg hadde helst sett at tala frå undersøkinga ikkje vart offentleggjort før alle svara er talt med og kvalitetssikra. Dei førebelse tala baserer seg på 66 svar, seier Ottosen.
Han er ikkje overraska over dei førebelse tala.
– Studentar er generelt meir radikale enn andre veljargrupper. Dessutan spelar det nok inn at sju av ti studentar på dette kullet er kvinner. Jan Fredrik Hovden si doktoravhandling viser at kvinnelege journalistar stemmer meir radikalt enn dei mannlege, seier han.
Undersøkinga viser også at studentane er lite interessert i politikk. Dette samsvarer med ein nordisk undersøking frå 2005 utført av Ottosen, Hovden, Gunn Bjørnsen og andre forskarar.
– Av nordiske journaliststudentar er dei norske minst interessert i politikk. Dette treng ikkje vera negativt. Det kan vera eit teikn på dei etterlever ideala om nøytralitet, seier Ottosen.
Nordiske Mediedagar har i ti år spurd journalistar kva dei stemmer på.
I 2008 ville Ap, SV og Rødt ha 120 av 169 representantar på Stortinget, om journalistane fekk avgjera.
Ei meiningsmåling presentert på Mediedagene i 2007 viser nedgang i omdømmet til denne yrkesgruppa. 48% svarer at dei har mindre tillit til media no enn for ti år sidan.
(Red. anm.:Professor Rune Ottosen sier han helst hadde sett at tallene fra undersøkelsen ikke ble offentliggjort før alle svar var talt med og kvalitetssikret. Han mener også journalisten burde klargjøre sin dobbeltrolle ved at hun selv er student og deltok i undersøkelsen.
Vi synes ikke den siste innvendingen er vesentlig, og mener det er nyttig for debatten om medienes dekning av politikk å få de foreløpige tallene fram før valgkampen er over.)
(Sist oppdatert: 08.09.2009 11:11)Viktig: Dersom du oppretter en konto på Disqus, tar det noen minutter før det første innlegget ditt blir publisert. Årsaken er at e-postadressen din må bekreftes før publisering.
Siste kommentarer
Ordbøker
- Mener det er riktig å vise Utøya-bilder | Journalisten.no http://t.co/RnDsXNMH via @journalisten
- RT @hansenfoto: Pressebilder til besvær: http://t.co/35LIXep2, helt enig med @AndreasL her. Minner om årets bilde 2010: http://t.co/NXZKwmiZ
- RT @hansenfoto: Pressebilder til besvær: http://t.co/35LIXep2, helt enig med @AndreasL her. Minner om årets bilde 2010: http://t.co/NXZKwmiZ
- Pressebilder til besvær: http://t.co/35LIXep2, helt enig med @AndreasL her. Minner om årets bilde 2010: http://t.co/NXZKwmiZ
- Ikke en dag for tidlig. @dagbladet http://t.co/tAuzspJV
- RT @hannesnielsen: Men jeg tar sjansen: http://t.co/8Yx29exT
- Men jeg tar sjansen: http://t.co/8Yx29exT
RSS utenriks
- Beckhams sexpack, Arlandadumpning och bonusregn
- Svensk byrå bakom brittisk viralsuccé
- Svenska Spel bjuder in mediebyråer
- Global: Dagens Nyheter laver betalingssite
- Färre bidrag till Guldägget
- Søndagsavisen overvejer at anke erstatning
- Helin slår tillbaka: Vi har inte gett upp print
- Søndagsavisen skal af med kæmpe erstatning
- Så förbereder SR sig för kungabebisen
- "Vi vänder siffrorna i år"
- World Press Photo-priser til JP og Politiken
- Blir pressansvarig på Svenskt Tenn
- Efterkritik: Ambassadørerne kommer
- DN inför betalväggar
- Danmark lyfter Teracom






.jpg?timestamp=100220121358)



.logo liten.jpg)















At journaliststudenter ikke er interessert i politikk må være et enormt tankekors? Kanskje bør studiet inneholde et fag som tester ut dette ved eksamen? Selvom det høyst sannsynlig ikke betyr noe når de senere søker jobb. Redaksjonene er jo like venstre-vridde!
..i hvert fall ikke journalist-studentene. Vil man ha flere FrP-velgere inn i journalist-standen, så må jo flere FrP-velgere søke seg til journalist-yrket. Vi finner helt sikkert lignende tendenser ved andre skoler og syudieretninger. Tror for eksempel noen at AP, SV og Rødt scorer særlig høyt blant BI-studentene? Neivel. Men er det BI-studentene sitt problem, eller alle de "røde" som ikke søker seg til den skolen? Den som mener en "passelig" andel av BI- og NJH-studentene bør omvende seg politisk, bør vel strengt tatt mene om igjen.
Underteikna har samarbeidd med Rune O. (saman med Gunn Bjørnsen) om fleire andre undersøkingar av journaliststudentane i Norge og Norden, og har lyst til å legge til eit par ting.
Stemmepreferansane til journaliststudentane kan kanskje sjå svært venstrevridde ut ved fyrste augekast, men ikkje om ein ser dei i sin rette kontekst. Samanlikna med andre studentgrupper i 2005, var partipreferansane hos journaliststudentane i Oslo og Volda nokså identiske gjennomsnittet for studentar i samfunnsvitskap på universitetet, men dei var mindre raude enn studentane på humanistiske fag. I tillegg til å vere studentar er dette elles svært unge menneske (halvparten kjem rett frå vidaregåande pga. inntakskrava journalistutdanningane er pålagde), meir enn halvparten er jenter, og svært mange kjem frå Oslo og dei andre store byane. I sum er dette faktorar som i valforskinga er velkjende går saman med stor andel SV- og Rødt-stemmer (og lite FRP). Gjeve sin bakgrunn kan ein like gjerne seie at journaliststudentane sine politiske preferansar er oppsiktsvekkande lite oppsiktsvekkande.
Å kople dette til "elitiske lærarar" (ei gamal plate) er etter mitt syn nok å overvurdere journalistlærarane sin påverknadskraft, dette handlar nok primært om den sosiale rekrutteringa til studiet. Td. var det 30% av fyrsteårsstudentane i journalistikk i Oslo som i 2005 sa dei ville stemme SV/Rødt, mot 22% i Volda og 24% i Stavanger. På Gimlekollen og BI sine journalistutdanningar var same andel 0% og 5%. Sidan studentane vart spurd tidleg i sitt fyrste semester, er det lite truleg at journalistlærarane åleine har klart å produsere slike skilnadar.
Det er heldigvis en forskjell på objektive journalister og objektiv journalistikk. Det er utøvelsen av det siste vi streber etter. Har personlig fått svært gode tilbakemeldinger fra politikere etter å ha laget oppslag om deres politikk som jeg personlig synes er på trynet.
Jeg kan forstå at folk flest lar seg bekymre. Men jeg kan ikke forstå det når kolleger fra bransjen uttrykker seg like bekymringsfullt. Hvor blir det av yrkesstoltheten?
Redaksjoner med journalister med et bevisst og aktivt forhold til presseetikk bør ikke ha noe å skamme seg over, uansett hvilken partitilhørighet størsteparten av staben måtte ha.
Og jeg synes ikke vi skal være så redde for å stole på at leserne kan tenke selv og har egne meninger. De som virkelig mener det går på pressens troverdighet løs at så mange av oss er venstrevridde, kan jo spørre seg hvorfor Frp har den oppslutningen de har.
Nei, bank heller litt presseetikk inn i skallene på journaliststudentene, så skal vi nok se det blir bra.
Hverken objektive journalister eller objektiv journalistikk finnes. Såpass ærlige bør vi journalister være at vi ikke forfekter at objektivitet er mulig. Å etterstrebe "objektiv journalistikk" er en illusjon, og derfor farlig å gjøre krav på. Selv om et utopisk mål.
http://tinyurl.com/n6bz58
Toralf Sandåker
--
Frilansjournalist, styremedlem i Frilansjournalistene/NJ
At objektive journalister er en illusjon kan jeg være enig i. At våre referanser er med på å styre våre valg av kilder, vinklinger og dramaturgi - ingen tvil.
Men å etterstrebe objektiv journalistikk kan ikke være en utopi - det er profesjon. Om objektiv journalistikk ikke skal etterstrebes, så får vi skrive om plakaten vi har forpliktet oss å jobbe etter:
1.2. Pressen ivaretar viktige oppgaver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressen har et spesielt ansvar for at ulike syn kommer til uttrykk.