er ansatt som medierådgiver for Senterpartiets stortingsgruppe. Han har 20 års presseerfaring, blant annet som journalist i VG og Bergensavisen, og har vært redaktør i...
Lat dei døy
For eit tid sidan vart eg beden om å sitja i eit panel på Journalisthøgskolen i Oslo. Temaet var: «Kva er det norske aviser ikkje fortel?» Eg fekk omgangssykje og kunne ikkje koma. Så i von om at nokre av studentane les dette bladet, her er litt av det eg hadde tenkt å seia:
Eg er ein av desse som har vore svært aktiv på Facebook, og FB-venene mine er nær sagt sjølvsagt folk i kulturlivet og i media. Fleire av dei er slike som av og til dukkar opp på Dagsnytt 18 eller vert intervjua i andre samanhengar. For ei tid sidan vart eg ven med ei dame som eg ikkje ante kven var, men som eg såg var særs aktiv på FB. Ho drog opp den eine diskusjonen etter den andre og stilte krevjande spørsmål. Etter ei tid sende ho meg ei melding, som eg gjev att etter minnet: «Etter å ha diskutert med denne gjengen har eg nær totalt mist trua på alle dessa talande hovuda i media. Herregud, kor lite dei kan og veit, og kor lite prinsipielle dei er!»
Vi i media kjenner fenomenet. Vi vert kjende med politikarar, kjendisar, forfattarar og redaktørar, og etter kvart oppdagar vi, som FB-veninna mi, at dei er om lag like lite gåverike som vi sjølve, og at stort sett dei fleste har ein agenda som dei ikkje syner når dei er i det offentlege romet. For der, til liks med oss sjølve, tek dei på seg ei maske og seier det som vert venta at dei skal seia. Talar du med ein sentral Frp-ar, veit du at han trass i det Siv Jensen seier, er fullt ut innforstått med at det må koma innstramingar i sjukeløn og trygder. Talar du med nokon frå SV i regjeringsapparatet, fortel dei at om berre LO kunne koma til fornuft og innsjå at det må koma endringar i velferdsstaten, ja, så skulle vi fått sett SV-politikk. Og talar du med nokon i krinsen til Stoltenberg, så finn du fort ut at dei står til høgre for Høgres offisielle program osb. Og enno har eg ikkje nemnt forskarstanden.
Noreg har enkelt og greitt få særs flinke, ærlege og prinsipptenkjande folk i det offentlege rommet, utan at vi skal vera overraska av den grunn, få menneske skaper få tenkjarar. Men dei ikkje fullt så flinke og ikkje fullt så gåverike kan likevel nyttast til å laga oppslag. Eg har berre arbeidt i éi dagsavis – fire år i Klassekampen – og det i ei tid økonomien var dårleg. Dei tok litt tid, men etter kvart knekte eg koden for korleis eg skulle laga framsideoppslag. Det vanlege var at eg las ein NOU overflatisk. Der kunne det til dømes stå at maksimalgrensa for uføretrygd burde koma ned, men med ei mengd atterhald og presiseringar. Men eg tok denne eine setninga og ringde dei vanlege mistenkte – «Raser mot kutt i uføretrygda», var det førehandsprogramerte resultatet. Eller eg kunne finna eit tal på heimesida til SSB om at skulane hadde fått meir pengar (som skulane alltid gjer i ein økonomi som veks), og dimed: «Den rødgrønne regjeringen satser på skolen. – Dette viser at vi er på rett vei», sa den og den, og så vart det NTB-oppslag og debatt på Dagsnytt 18.
Eg gjekk lei, eg makta ikkje lenger å ringja dei vanlege mistenkte og få dei førehandsprogramerte svara. Eg byrja i ei vekeavis, som stort sett aldri genererer NTB-oppslag eller Dagsnytt 18-ordskifte og som lever godt med det. Og det var det eg hadde tenkt å fortelja studentane, at media mykje oftare enn ikkje silar kjeldene sine, ikkje på basis av kunnskap, prinsipiell tenking eller integritet, men på basis av konflikttenkjing.
Gjeve at mi skildring er rett, i det minste delvis – kan vi gjera noko med det? Neppe, vi har altfor mange aviser her til lands, altfor mange sider som må fyllast. Men når det er sagt: Eg er ikkje av desse som er redd for avisdauden, lægre opplag og færre stillingar, for det er der den eventuelle vona ligg. Danmark er eit mykje meir borgarleg land enn Noreg og har ein mykje meir utprega elitekultur, men er likevel, meiner eg, eit relevant døme. I Danmark vart dei fleste lokalavisene borte i 1970-åra, tabloidane knekte alt i 1980-åra, og avismarknaden er framleis segmentert etter ideologisk skiljeliner. Og som om ikkje dette var nok: Dei store avisene har langt lægre opplagstal enn dei største norske. Men det er Danmark som har eit djupt konservativt organ som Jyllandsposten, det er Danmark som har Weekendavisen, det er Danmark som har Politiken, og det er Danmark som har Information.
Dei beste danske avisene er rett og slett prega av journalistar som sjølve tek ansvar. I mykje mindre grad enn i Noreg løyner dei seg bak dei pratande klassene; dei les, talar med folk som kan noko, og fortel det dei har kome fram til. Om den varsla avisdauden kan gje oss eitt organ som Weekendavisen, er det verdt det. For journalisttalenta bør samlast på færre stader her til lands òg.
(Sist oppdatert: 19.02.2010 11:37)Viktig: Dersom du oppretter en konto på Disqus, tar det noen minutter før det første innlegget ditt blir publisert. Årsaken er at e-postadressen din må bekreftes før publisering.
Siste kommentarer
Ordbøker
- Engelsk landslagssjef er også ledig... RT @BaardBorch: Bellona søker personlig assistent til Frederic Hauge. http://t.co/D5G3RhDr
- Bellona søker personlig assistent til Frederic Hauge. Jeg ønsker alle søkere lykke til. http://t.co/7nbZMStQ
- Ikke bra at skattefinansierte NRK gjør situasjonen vanskelig for private aktører: http://t.co/hzjzlEQT
- Stadig flere lytter til P3: http://t.co/IxOHQ9T6 (via. @Journalisten)
- Grimstad mot avsnittet: 1-0. http://t.co/Lw7T0xKS #uleselig
- Flere hører på #P3 (http://t.co/mUF1Li0e). Færre klager til #K-rådet (http://t.co/yGG3CSlT). Kan disse disse sakene kanskje slås sammen? ;-)
- Flere lytter til @nrkP3 http://t.co/hyCdgW48 via @journalisten
RSS utenriks
- Bonniers vinst minskade med en halv miljard
- Rekordår för DI.se
- Global: Oprydning i Yahoo-bestyrelse
- Här är Coppolas H&M-film
- Fem får gå från Deasign
- Bonusregn på Dagens Nyheter
- Dagens Industris jättevinst
- Bokkenheuser forlader 24syv - vender retur til Newsweek
- DN.se fördubblar vinsten
- Elbæk: DR's public service-kontrakt justeres i år
- Sämre vinst för Expressen
- MTG skuffer i fjerde kvartal
- "Expressen har fel"
- Brakförlust för MTG
- MTG inför utdelningspolicy




.jpg?timestamp=030220121449)






.logo liten.jpg)













