Det er ufatteleg at me i Jærbladet-redaksjonen aldri meir skal få høyra latteren til Brit og dei blide «god morgon»-helsingane. Det er ikkje så mange vekene sidan ho var her, i full sving som journalist. Tinga hennar står enno på kontoret, og den lysebrune strikkejakka ligg enno på hylla hennar.
Annonse
Brit Romsbotn.Foto: Privat
For Brit blei jobben ein fristad frå kreftsjukdommen, som ho blei ramma av for fleire år sidan, og som så kom tilbake i fjor. Ho stod på som før, og fokuserte ikkje på sjukdommen, sjølv om det ganske sikkert var ekstra tungt innimellom.
Brit var allereie ein røynd journalist då ho blei fast tilsett i Jærbladet på seinsommaren 1998. Ho var også godt kjend på Jæren, etter at ho i ungdommen flytta hit frå den einbølte garden Romsbotn, inst i Økstrafjorden ved Jelsa i Suldal. På Bryne budde ho på hybel og var elev ved Bryne Gymnas i tre år.
Som journalist var Brit iderik, engasjert, hardtarbeidande og modig, og ho var alltid ein av dei første som melde seg når redaksjonen trong nokon til å dekka tøffe saker. Ho var god med ord og ein habil fotograf.
Som kollega var ho ein humørspreiar. Smilet og latteren sat laust. Samtidig var ho tydeleg og direkte. Ho var ikkje redd for å gje beskjed dersom ho meinte at noko var gale, og ho var raus med rosen dersom ho meinte at noko var bra. Det låg ei stor omsorg under alt det ho gjorde. Ho ville at Jærbladet skulle vera ein god arbeidsplass, og at avisa skulle vera interessant for lesarane våre.
Brit vil bli djupt sakna av oss i Jærbladet, av familien og av dei mange vennene.
Aller størst blir saknet for sonen Anders og ektemannen Haakon. Ho var aleine med Anders då ho flytta til Lyefjell på slutten av 90-talet. For tjue år sidan trefte ho Haakon, og då kom det ei ny og endå større glede i augo hennar. Dei fann kvarandre mellom anna i humoren, varmen, eventyrlysta og den genuine interessa for folk. Brit hadde alltid mange gode historier om folk dei hadde møtt og ting dei hadde opplevd på sine små og store utflukter. Brit var oppteken av at det er viktig å leva, og ho gjorde noko med det.
Ho var alltid stolt av Anders, og uttrykte også stor takksemd for dei nye, unge folka som han tok med inn i livet hennar. Sambuaren hans, Helene, var ein svært verdsett person blant dei.
Jelsa har vore ein viktig fristad for både Brit og Haakon. Dei var godt i gang med å leggja planar for ein ny kvardag som pensjonistar i løpet av ei ikkje så altfor fjern framtid. Det var så mykje dei hadde lyst til å gjera.
Det kjennest så urettferdig at dei aldri får oppleva dette saman, og at Brit døydde så altfor tidleg.
Kvil i fred, Brit!
Åge Bjørnevik, på vegner av redaksjonen i Jærbladet