Borti veggane!

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Etter kvart har fleire forsikringsselskap teke til fornuft og skiljer no mellom reiseforsikring for familiar og single.

Vesta Forsikring tilbyr oss journalistar gjennom NJ ei ordning der den single betalar 82 % av det ein familie betalar. Eit steg i riktig retning. Honnør for det til Vesta, forsikringsselskapet vårt! Vesta er på trygg grunn. Med 82% betalar me single likevel for mykje i høve til avbestillingar, skader, tap osv som gjeld familiar.

Det provar reiseforsikringsordninga som Utdanningsforbundet, eit av våre største fagforbund, har med sitt forsikringsselskap. Alt frå skipinga av i 2002 har Utdanningsforbundet gjennom avtale med sitt forsikringsselskap kunna tilby sine medlemer ei ordning der dei single betalar 71 % av det familiar betalar for reiseforsikringa. På spurnad fortel Ottar Skogsfjord i Utdanningsforbundet at forbundet har oversyn over korleis utbetalingane fordeler seg: 71 % held rikeleg i høve til utbetalingane når det gjeld dei single – og det balanserer for familiar.

Kva gjer Norsk Journalistlag når laget får tilbod om ei forsikring der den single skal betale 82 % av det familien betalar? Nektar å gå med på avtalen og leitar seg fram til eit nederlandsk forsikringsselskap, Gouda, der single skal betala 100 % som før og ikkje nok med det: Gouda forsikring gjev i tillegg familien endå større fordelar på kostnad av dei single enn Vesta! Det er ikkje til å tru. Døme:

Dekning av reisegods:

Pr. person: Vesta kr 25 000/Gouda kr 20 000

Pr. familie: Vesta kr 40 000/Gouda kr 40 000

Avbestillingsdekning:

Pr. person: Vesta kr 25 000/Gouda kr 20 000

Pr. familie: Vesta kr 70 000/Gouda kr 80 000

Dette byr altså generalsekretæren i NJ, Jahn Arne Olsen fram:

Først eit avslag på framlegget frå Vesta om ei varsam endring i retning riktigare fordeling mellom singel og familie for så - på toppen av det heile å koma trekkjande med eit nytt forsikringsselskap som byr dei single forsikringstakarene endå mindre att for pengane – og familien meir – sjølvsagt. Eg må sei eg er ikkje mykje kry «utå» Norsk Journalistlag i denne reiseforsiktingssaka. Skulle ikkje tru at slike haldningar som generalsekretæren openberar var mogeleg mellom opplyste journalistar i vår tid. Borti veggane, spør du meg.

Til alle single og de som er sympatisørar: Meld dykk inn i Ensliges Landsforbund! Det nyttar sjølv om det tek tid.

Powered by Labrador CMS