Innbrot hos «Åsted Norge»-programleiar

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

TV 2-profil Ane Rostad Stokholm vart tysdag kveld utsett for innbrot i sin eigen heim i Oslo, dagen etter at ho hadde leia krimprogrammet «Åsted Norge» som vikar for Cathrine Fossum.

Det melder TV 2.

Programledern Ane Rostad Stokholm.

Tjuven stal både smykke og kontantar, mellom anna bursdagspengar frå lommebøkene til barna.

– Det er kjempeekkelt. Det er ikkje snakk om store verdiar, men dette går ut over tryggleikskjensla vår. Det er det verste, seier Rostad Stokholm til TV 2.

Overvakingskameraet til familien fanga opp mannen som tok seg inn i huset. Etter at sambuaren delte bilete på Facebook, har fleire meldt om liknande hendingar.

Politiet stadfestar at dei fekk melding om innbrotet, men hadde ikkje kapasitet til å rykkje ut.

– Vi kunne dessverre ikkje rykkje ut til bustaden på grunn av manglande ressursar i dag, seier operasjonsleiar Vidar Pedersen i Oslo politidistrikt til TV 2.

Powered by Labrador CMS