PODKAST-EPISODER:
KORTE VIDEOER:
- Siste
- Mest lest
Morgenrutinen:
Mener prioritering av kvalitetsjournalistikk er største utfordring for mediebransjen nå.
Denne artikkelen er over åtte år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
I spalten Morgenrutinen stiller Journalisten de samme spørsmålene til en rekke personer som er tett på mediebransjen.
Oddrun Midtbø er nyvalgt leder for NJ Frilans.
Les alle «Morgenrutinene» her.
– Kaffe med mjølk.
– Har bokhylle ved senga; fylt opp med bøker; eigne og lånt på Sogndal Bibliotek som yter det beste av service. Les som regel to-tre bøker samstundes; akkurat no: “Telling true stories” av Mark Kramer m.fl. og “I skyggen av sharia” av Mohammad Mostafaei.
– Som frilansar stressar eg ikkje med morgonmøte, blir det for mykje plapring på P1 skrur eg over til P2, skummar gjennom Sogn Avis, VG og The Guardian på nett før eg køyrer, syklar eller går til jobb. Går eg, lyttar eg til podcast, Spotify eller BBC.
– Listhaug ute av politikken.
– Leitar lite. Afrika kom til kontoret mitt. Med eit asylmottak i kommunen og fleire flyktningar som vel å busetje seg i Sogndal, er det nok av viktige og avslørande historier å dele med det norske folk. Utfordringa er å finne media som er villig til å betale for denne type saker.
– Eg har alt treft den personen, men deler gjerne tipset vidare til kollegaer. Maggy Barankitse frå Burundi; nominert til Nobels fredspris fleire gonger, og har innkassert mange ulike internasjonale menneskerettsprisar. Ho har ei ufatteleg sterk historie, er uredd og frittalande trass i fleire trugsmål og attentatforsøk. Ho kjem til Oslo i slutten av september for å møte politikarar, UD og mediefolk som prioriterer å skrive om røynda, framfor meiningslaus realityshow med norske C og D-kjendisar.
– Kva skjedde, og kvifor?
– Teknisk: Mobiltelefonen. Elles evnen til å kome i kontakt med folk, og få dei til å dele historia dei ber på.
– Opp til fleire gonger på scena under seminaret ”Fortellingens Kraft” i Bergen i vår.
– At altfor mange journalistar spring i flokk, klikk-hysteriet og prioriteringa av kjendis- og kroppshysteri. Og at seriøse nyhendeopplesarar i TV 2 må prøve å lokke folk til å klikke på tullete videoar.
– Å løfte truverde til journalistar slik at folk veit dei kan stole på at journalistikken er fri, uavhengig og basert på fakta.
– Prioritere kvalitetsjournalistikk, framfor feitast mogeleg avkastning til eigarane. Betale frilansarar såpass godt at vi ikkje blir så billege at vi er ein fare for tilsette som ønskjer å ha ein fast jobb å gå til.
– Eit oppsvulma lik i ei elv, av ein tsjetsjensk asylsøkjar Norge tvangsreturnerte - utan at nokon blir stilt til ansvar.
– Er passe avslappa på det. Sviktar teknologien er det berre å seie til seg sjølv at det ikkje er verdas undergang. Så viktig er eg ikkje.
– Mobilen er stort sett på lydlaus, loggar sjelden av. Søv likevel godt heile natta.