har byttet jobb i NRK. Hun jobber nå som journalist på frontdesken i NRK Super, og er nettansvarlig for MGPjr 2012. Nielsen studerte journalistikk ved Høgskulen i Volda....
Dei tre ryttarane i apokalypsen
Lat oss tenkja stort – eventuelt banalt – i eit altfor kort format: Kva kjem historikarar i framtida til å skriva om vår tid, kva vil dei meina om pressa? Har vi som Mencken kravde av oss, hatt det same tilhøvet til politikarane som bikkjene til lyktestolpane? Hadde vi syn for det verkeleg viktige?
Dei fleste av dei som les dette, betaler toppskatt og har bil. Alt i alt betaler de mellom 60 og 70 prosent av inntekta i skattar og avgifter. Kvifor? Av di de vil ha gode trygdeordningar, gode skular og ålmenn tryggleik. Difor tek då også staten 58,3 prosent av verdiskapinga her til lands, berre kapitalistane slepp unna skatteskruven.
Men også i 1960 fekk folk uføretrygd, alderspensjon og ein god skulegang. I 1960 tok staten 25 prosent av BNP.
Korleis har det gått dei siste tiåra? Kva har vi journalistar vore med på? Den godt vaksne folkesetnaden les nest best i verda, syner UNESCO-granskingar, berre finnane er betre. Så seint som ved inngangen til 1990-åra las norske barneskuleelevar like godt som dei beste i OECD. No les dei dårlegast. 30 prosent av elevane i Oslo-skulen er som 15-åringar under den kritiske grensa for lesekunne. I 1981 byrja Matematikkrådet etter rapportar om nedgang i reknekunna å sjekka korleis det stod til med norske fyrsteårsstudentar. Kvar einaste gong etterpå har det vore nedgang. Om norske lærarstudentar måtte ha fire i norsk og matematikk for å koma inn på studiet, ville 70 prosent ikkje ha fått plass.
Har Noreg i dag eit meir brutalt arbeidsliv enn i 1967 då kvar arbeidstakar arbeidde nær 2000 timar samanlikna med under 1400 i 2008? I 1967, det året folketrygda vart innførd, var det 93.000 uføretrygda i Noreg; no er det om lag 340.000. Godt over 700.000 nordmenn i arbeidsfør alder har i dag folketrygda som inntektskjelde, brorparten grunna lette depresjonar og muskel- og skjelettplager – lidingar dei fleste lækjarar går ved best vert handterte gjennom å taka del i arbeidslivet. Kostnaden ved dei uføre har sidan 1980 gått opp med om lag 200 prosent målt i 2008-kroner.
I 1970 utgjorde innvandrarar frå den tredje verda 0,1 prosent av den etnisk norske folkesetnaden. I 2007 voks den ikkje-vestlege gruppa raskare enn den etnisk norske i absolutte tal. Kvart år vert om lag to millionar jenteborn kjønnslemlesta, seier FN. Noreg gjev opphald til alle desse og familiane deira om dei har råd til å verta smugla hit. Langt dei fleste som kjem frå desse områda, skal vi tru historiske statistikkar, endar opp på trygd og sosialstønad. Alle dei melde overfallsvaldtektene på open gate i Oslo dei seinaste tre åra er det innvandrarar frå den tredje verda som står bak; hovuddelen var frå Irak, Somalia og Afghanistan. Lista over innvandrarkriminalitet vert lengre og vondare kvart einaste år. Men Erik Schjenken gav oss høve til å tala om noko anna.
Men mykje av dette har norsk presse skrive om, fortalt om, vil motargumentet kunna vera. Nja, vi har kanskje gjort det, men har vi sett det inn i ein samanheng? Økonomar plar seia at det som ikkje kan halda fram, før eller seinare tek slutt. Vi skjønar til dømes at Noreg ikkje kan taka imot to millionar jenteborn og familiane deira og at det ikkje er hald i ein moralfilosofisk ståstad som seier at dei som har råd til å verta smugla hit, skal få vera her, medan resten må venta på kniven. Men lenge før vi der framme stengjer grensene for andre asylantar enn dei som vert politisk forfylgde, kjem vi til å ha underminert mykje av velferdsstaten og gjort fleire hundre tusen friske menneske til passive trygdemottakarar. Kor ofte skriv norske aviser nett det på leiar- og kommentarplass?
Vi veit òg at den utviklinga norsk skule er inne i, må taka slutt, men kor mange leiarskribentar, journalistar og kommentatorar vågar å skriva at ein majoritet av norske lærarar er inkompetente og at skulda for det ber politikarane og vi sjølve?
Mord- og valdtektsratene i Los Angeles er i dag ein brøkdel av det dei var i 1970-åra. Det har byen og delstaten fått til gjennom ei massiv satsing på politi og utstrekt bruk av fengsel. Kanskje vi i Noreg burde ha nytta noko mindre til uføretrygd og helsestell og noko meir på å styrkja det statlege valdsmonopolet, og kanskje burde vi journalistar ha skrive det – dagstøtt. Dei som las norske aviser i åra rundt tusenårsskiftet, vil historikarar i framtida skriva, fekk ikkje vita at det fanst alternativ. I vår daglege leiting etter det vi ynskte å definera som svake grupper, miste vi heilskapen av syne, er eg nokså trygg på at dei vil skriva.
(Sist oppdatert: 08.05.2009 01:02)Viktig: Dersom du oppretter en konto på Disqus, tar det noen minutter før det første innlegget ditt blir publisert. Årsaken er at e-postadressen din må bekreftes før publisering.
Det er ingen annen fase i livet hvor så mange får problemerRabulistleder om eldreomsorg i Aftenposten.
Siste kommentarer
Ordbøker
- mange fagmiljøer burde vel skjerpe seg slik? RT @Journalisten Sky News strammer inn på ansattes Twitter-bruk: http://t.co/8s32dF9q
- RT @martinmoland: Sky News strammer inn på ansattes Twitter-bruk: http://t.co/7soAQaHD (via. @Journalisten)
- RT @Vetle_Johansen: "Are you the right man for Sunderland?", spør journalisten. "No", svarer han, og følger opp med "Stupid question, stupid answer." LEGEND.
- "Are you the right man for Sunderland?", spør journalisten. "No", svarer han, og følger opp med "Stupid question, stupid answer." LEGEND.
- Danske kroner? RT @journalisten: TV 2s inntekter passerer 3 milliarder. Leverte beste årsresultat noensinne http://t.co/ZPWbuQwm
- RT @journalisten: TV 2s inntekter passerer 3 milliarder. Leverte beste årsresultat noensinne http://t.co/VTUNieFI
- Sky News strammer inn på ansattes Twitter-bruk: http://t.co/7soAQaHD (via. @Journalisten)
RSS utenriks
- Försvarsmakten tappar marknadschef
- Egmont dropper egne trykkerier
- Newzglobe-bolaget i konkurs
- Aftonbladet utreder piratlänk
- Gunilla Herlitz stäms för förtal
- Omnicom: Annoncebørser vil ændre markedet
- Global: Sanoma satser på tv-vækst
- Roskilde i samarbejde med Spotify-konkurrent
- Fokus genomför nyemission
- MEC säger upp sju
- Köldchocken lyfter Klart.se
- Anders Sundberg lämnar OTW
- Stockholm Adsales – marknadens färskaste säljbolag
- Swebus uppmanar till surfstöld
- Google 2.0 i støbeskeen




.jpg?timestamp=030220121449)







.logo liten.jpg)











