DEBATT:
Ei hyllest til lokalavisene
Kvifor seier vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) at 2026 er «Lokalavisåret»? Fordi LLA snart blir 50 år – og lokalavisene er grunnfjellet i det norske demokratiet.
Arkivfoto: Morgane Fauconnier
- Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.
Over heile landet, frå
ytterste øyar til innerste fjordar, mellom bakkar og berg og livlege bydelar,
finn vi ein lokalavis-flora som er heilt unik i verda. Redaksjonane er til
stades for deg og lokalsamfunnet ditt.
Lokalavisene held deg oppdatert, held
makta i øyra og pirkar i det som ikkje fungerer. Lokalavisene løftar fram både dei
små og store sakene – og fortel dei sterke historiane som ingen andre tek seg
tid til å få fram. Lokalavisene er lim og lupe, fellesskap og fyrtårn.
Det er lokalavisene som
er til stades når ei kunstutstilling eller ein ny lokal butikk opnar dørene – eller
når den lokale fotballkampen sparkast i gong. Det er lokalavisa som er på
kommunestyremøta, som intervjuar politikarar, som stiller kritiske spørsmål til
kommuneleiinga, og som formidlar dei sterke historiene frå kvardagen til folk.
Det er lokalavisene som er til stades når ei kunstutstilling eller ein ny lokal butikk opnar dørene – eller når den lokale fotballkampen sparkast i gong.
Ingen lokalaviser er
perfekte. Det vil dei aldri bli. Ingen aviser rekk å dekke alle arrangement og
alle hendingar. Også lokalavisene må kvar dag prioritere korleis dei bruker dei
få, men flinke, folka på avishuset. I tidsalderen vi lever i, forventar dei
fleste at også lokalavisene er «på» døgnet rundt, året rundt. For nokre år
sidan var det godt nok at ei hending som skjedde på ein fredag, blei omtalt i
papiravisa fredagen veka etter. I dag skal alt vere ute på nett berre etter
nokre minuttar, gjerne med video, bildekarusell, lenkjer og kommentarfelt.
Samstundes som avisene
oppdaterer nettavisa nærast døgnet rundt, må redaktørane og journalistane bruke
sosiale plattformer for å få meir merksemd om eigen journalistikk. Mange fyller
på med eigne podkastar, folkemøte og andre aktivitetar som skaper interesse og
engasjement.
Dei fleste lokalavisene
held framleis liv i papirutgåva. Ikkje av nostalgi, men fordi papiravisa
finansierer mykje av den digitale utviklinga.
Vi som følgjer
lokalavisene tett, er imponerte! Mange leverer betre journalistikk enn nokon
gong. Lokalavisene set dagsorden og lagar innhald som får konsekvensar for lokalmiljøet. Vi ser
lokalaviser som gjer ein forskjell lokalsamfunnet.
Lokalavisene er grunnfjellet i mediemangfaldet – og bidrar til levande lokalsamfunn.
Det er uvêr der ute.
Desinformasjon, polarisering og ekko-kammer trugar både samfunnsdebatten og
demokratiet vårt. Nettopp derfor er lokalavisene viktigare enn nokon gong. Dei byggjer
tillit og fellesskap for oss. Lokalavisene er grunnfjellet i mediemangfaldet –
og bidrar til levande lokalsamfunn.
Vi i LLA gler oss til å
følgje og hjelpe lokalavisene på vegen vidare. Gjennom «Lokalavisåret» som vi
no er i gang med, skal vi kvar dag framsnakke avisene. Det gjer vi blant anna
gjennom ein digital lokalavisstafett som rullar og går heilt fram til 17. mai.
Slik viser vi fram det flotte avislandskapet landet rundt.
Lokalavisene fortener
alle heia-rop, all støtte – og deg og andre abonnentar som betaler for
uavhengig, redaktørstyrt og lokal journalistikk. Vi treng lokalavisene.
Nylige artikler
Når varsomhet blir et hinder for oppklaring
Ei hyllest til lokalavisene
Påpekte uklarheter rundt nisjekategori – så kom Medietilsynet med omdiskutert forslag
Kritiske til Polaris-sjefens nye styreverv: – Koblingene er problematiske
17 kjappe
Mest leste artikler
Ble kontaktet av avdødes mor
Ulf André Andersen går av
Redaktørens retrett kan gjøre etterfølgeren svett
Aftenposten avpubliserer innlegg etter tvil om identitet
Nøstet opp i 20 år gammel drapssak i lokalavisas første podkastserie: – Kildene har gjort den tyngste jobben