Vurderer PFU-klage: – Eit nasjonalt baksnakkeprodukt
«Profeten i Bærum» hevdar at produksjonen bak dokumentaren aktivt bidrog til å forsterke konfliktar. No vurderer Christian Sønstebø å klage TV 2-serien inn til Pressens Faglege Utval.
Christian Sønstebø er framleis svært kritisk til presseetikken i dokumentarserien «Kollaps - profeten i Bærum», men vil også sjå framover.Foto: TV 2
– Det er eit nasjonalt baksnakkeprodukt, seier Sønstebø i den nyaste episoda av Journalistens podkast.
I nesten to år følgde dokumentarist Finn-Erik Rognan livet til Sønstebø og miljøet rundt han på Nordhaug gård. Resultatet blei den mykje omtalte TV 2-serien «Kollaps – profeten i Bærum».
Sønstebø og sambuaren forsøkte før premieren å stanse dokumentaren gjennom ei sak i rettsvesenet, men endte med å trekke saka. Dei er likevel framelis sterkt kritiske mot metodane som vart brukte under produksjonen.
Samanliknar dokumentaren med reality-TV
I podkasten viser han til hovudpersonavtalen mellom han og produksjonsselskapet Maverix, der det står at produksjonen skal opptre som ein uavhengig observatør, og ikkje delta i eller påverke hendingane.
– Det har ikke produksjonsselskapet greid i det hele tatt, seier han.
Sønstebø meiner produksjonsteamet i staden aktivt bidrog til konflikt.
I Journalistens podkast fortel Sønstebø om tida etter TV 2-dokumentaren.Foto: Mats Greger
Han samanliknar framgangsmåten med reality-TV, der konfliktar mellom deltakarane kan vere ein del av dramaturgien.
Han meiner TV 2 har skapt ein karikatur, som han ikkje kjenner seg igjen i.
– Det er spissa og manipulert på ein slik måte at TV 2 skal tene mest mogleg pengar på det. Og dei veit det, seier han i podkasten.
TV 2 avviser påstandane
Annonse
Programredaktør i TV 2, Trygve Rønningen, avviser på det sterkaste at TV 2 manipulerer innhald bort frå sanninga. Han seier også det er feil at produksjonen har styrt hendingsforløpe eller bidrege til å skape konfliktar.
– Prosjektet starta med eit ope og undersøkjande utgangspunkt, utan ein førehandsbestemt konklusjon om Sønstebø eller miljøet, seier han.
Rønningen seier at produksjonen har hatt løpande kontakt med kjeldene undervegs og i etterkant, og understrekar at dei sjølve har oppsøkt produksjonen.
Han meiner at framgangsmåten og metodane er gjort kjende for sjåarane på ein god måte.
Vurderer PFU-klage
I podkasten får Sønstebø spørsmål om dei har vurdert å klage dokumentaren inn for PFU.
Han svarer at dei ikkje har bestemt seg enno.
– Det skal vi inn i og ta stilling til, seier han.
Sjølv om han avventar påpeikar Sønstebø at det er fleire personar og organisasjonar rundt han som er oppteken av at serien vert testa gjennom ei PFU-klage.
Han vedgår samstundes at han skreiv under på ein avtale som gav produksjonen full redaksjonell fridom, og at han forstod kva dette innebar.
Kritiserer mediemakta
Annonse
I podkasten blir Sønstebø utfordra på om han meiner dokumentaren faktisk er presseetisk problematisk, eller om han først og fremst er misfornøgd med korleis han er framstilt.
Han gjer rede for kva overtramp han meiner TV 2 og produksjonen har utsett han for og stiller spørsmål ved det profesjonelle forholdet mellom journalist og kjelde, der han opplevde eit nært vennskap med dokumentarist Rognan.
Sønstebø fortel også om tida etter den massive mediemerksemda.
Nylige artikler
Vurderer PFU-klage: – Eit nasjonalt baksnakkeprodukt
Kan noe være på gang i Norge også?
Gruppeterapi på Hotel Bristol
Stadig flere bruker KI til nyheter, viser ny MBL-rapport
Kampen om fremtidens medieøkonomi
Mest leste artikler
NRK-korrespondent Philip Lote forteller om sykdom
Noen ganger er det best å holde kjeft
Vil ha Margrethe Håland Solheim som ny NJ-leder
Advarer mot å kjøpe «pressekort» fra Norske Frilansjournalister
Khrono felt for identifisering