Forlet Demo etter usemje
– I ein oppstartsfase er det heilt vanleg at det er ulike meiningar, seier Helle Hoås Gannestad, ein av dei tre medstiftarar i Demo. No har ho takka for seg, før det nye mediet har publisert ei einaste sak.
TRIO: Bendik Mondal, Ingrid Tinmannsvik og Helle Hoås sørga for at Demo fekk starte opp i Norge.
Foto: Nils Martin Silvola
I februar vart det klart at Demo, slektningen til danske Zetland, blir ein realitet som norsk nyheitsmedie, etter at dei nådde målet om 5000 medlemmar.
I bresjen for suksessen sto dei tre norske medstiftarane Ingrid Tinnmannsvik, Bendik Mondal og Helle Hoås Gannestad.
No har sistnemnde trukke seg ut av selskapet, etter ulike tankar om kva Demo skal vere.
– I ein oppstartsprosess er det naturleg å ha ulike ønskje om kva ein skal skape og ulike tankar om vegen dit. Når ein går inn i noko utan å kjenne kvarandre så godt, er det ikkje alltid desse fell saman, seier Gannestad til Journalisten.
Einige om å gå kvar til sitt
Ho seier dei har hatt ulike tilnærmingar til korleis arbeidet skal gjerast framover.
– Difor har vi blitt einige om å gå kvar til vårt. Eg ønskjer Demo lukke til vidare på reisa.
— Kva har de vore ueinige om?
– Det er ikkje så mykje meir å seie enn at i ein oppstartsfase er det heilt vanleg at det finst ulike meiningar. Det er sunt. No skal Demo inn i ein ny fase, og eg heiar vidare.
Ho fortel at ho vil selje eigarandelen og aksjane sine tilbake til Zetland AS.
Medstiftar og komande redaktør i Demo, Ingrid Tinmannsvik, bekrefter at det har vore noko ulike meiningar, men skildrar prosessen som udramatisk.
– Helle blei henta inn som kampanjeansvarleg, og har vore ein utruleg viktig del av det som fekk Demo til å lukkast. No som vi er over i ein ny fase og skal byggje ein annleis organisasjon, har vi valt å avslutte samarbeidet. Dei er heldige, dei som no skal få maks ut av kampanjekreftene hennar.
Ho vil ikkje gå i detalj om kva usemjen har handla om.
Éin av fem under 30 år
Gannestad har vore frilanser, fotojournalist, skribent og politikar. For mange er ho kjend som «kjærleiksjenta», som etter terrorangrepene 22. juli 2011 twitra «Når én mann kan forårsake så mye ondt, tenk hvor mye kjærlighet vi kan skape sammen», eit sitat som gjekk verda rundt.
– Eg er stolt av å ha vore med på å starte Demo. Kampanjen nådde målet sitt, i tillegg har vi bygd eit nytt nyheitsmedium med innspel frå heile landet og folk i alle aldrar. Vi har lukkast med å få unge til å betale for journalistikk, seier ho.
Éin av Demos fem medlemmar skal vere under 30 år, fortel Gannestad.
— Kva er planane dine?
— No er det ein liten overgangsfase for meg. Eg kjem til å børste støv av ei essaysamling eg var i gang med rett før eg starta i Demo. Elles ligg vegen vidare open akkurat no.
Har fått over 70 opne søknader
Samtidig lyser Demo no ut 15 nye stillingar, i ei tid med stor tørke i jobbmoglegheiter i mediebransjen.
– Det er den beste følelsen å kunne skape nye arbeidsplassar, seier Tinmannsvik.
Den første søknaden tikka inn allereie klokka 03 på natta etter at den offisielle utlysninga var publisert, men redaktøren fortel at dei har moteke over 70 åpna søknader sidan i haust.
– Det gir meg tru på framtida til journalistikken, og ikkje minst for alt Demo skal lage og bli, seier ho.
HØYR JOURNALISTENS PODKAST:
Nylige artikler
Vi har mista vår unike og rause venn og kollega
Derfor fjernet NRK intervjuet med barna
Derfor sier journalister: «Aldri mer graving»
Selbekk reagerer på manglende Israel-annonse: – Ytringsfrihetens fiender
Har en rettssak NJ tapte, bidratt til at iNyheter får pressestøtte?
Mest leste artikler
Lungelegen om Mette-Marit-pressemøte: – Ble tilpasset når jeg hadde tid
– Jeg kommer ikke til å savne det han har gjort for å ødelegge sannhet og anstendighet i media
Vårt Land sa nei til MIFF-annonse: – Der går det en grense
Omlegging i NRK: Fire av fem fikk førstevalget
Vi har mista vår unike og rause venn og kollega