Medietilsynet blir heidra av mållaget. Her direktør Mari Velsand.
Foto: Eskil Wie Furunes
Heider til Medietilsynet: – Einaste statsorganet som følgjer språklova
Fekk Målblome frå Noregs Mållag.
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
I sin rapport for 2022 har Språkrådet kartlagt 15 departement, 157 statsorgan og Statsministerens kontor. Av desse er Medietilsynet det einaste statsorganet som følgjer lova i alle kategoriar. Det er paragraf 13 i Språklova som stiller språkkravet: «Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument.»
Det melder Noregs Mållag i ei pressemelding. Torsdag delte dei ut prisen Målblome til Medietilsynet på Litteraturhuset i Fredrikstad.
– Medietilsynet og direktør Mari Velsand får ein varm takk frå Mållaget. Eg trur vi snakkar på vegne av dei om lag 600.000 folka som skriv nynorsk dagleg, når vi gjev målblome for innsatsen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i meldinga.
Direktør Velsand tok imot utmerkinga.
– Dette var ei svært hyggeleg anerkjenning av språkarbeidet vårt og ein motivasjon for jobben vidare framover. Noreg har to skriftspråk, og da må begge bli brukte og vere synlege for folk flest. Som statleg verksemd har vi eit særleg ansvar for å bidra til det, seier Velsand i meldinga.
Nylige artikler
Mediehus skyter seg selv i foten
KI kan ta seg en nisjekulturell bolle
Det som skulle være en midlertidig løsning, har blitt en langvarig unntakstilstand
Ni av ti rettede Adresseavisen-kommentarer får fullt KI-utslag
17 kjappe
Mest leste artikler
Derfor identifiserer ikke mediene Ap-rådgiveren med hallikdom
Se og Hør var nær å avsløre norsk Epstein-kobling i 2012
Gard Steiros avgang passet perfekt inn i Journalistens strategi
Facebook innfører kvote: Nisjemediet får dele to lenker i måneden
Ni av ti rettede Adresseavisen-kommentarer får fullt KI-utslag