India-konfrontasjon: Dette ville ho gjort annleis

Valdstruslar, utestenging og deepfakes stoppa ikkje den ferske Dagsavisen-kommentatoren frå å stille opp i over 30 indiske medier. I mai gjekk ho viralt etter å ha ropa spørsmål etter den indiske statsministeren.

Helle Lyng Svendsen sin video på X er delt over 11 millionar gonger.
Publisert Sist oppdatert
Lesetid: 3 min

Same månad som Helle Lyng Svendsen (28) vart tilsett som kommentator i Dagsavisen, skapte ho overskrifter verda over då ho forsøkte å utfordre Indias statsminister, Narendra Modi, under noregsbesøket hans i mai.

Svendsen har blitt omtalt og intervjua av ei rekke indiske mediehus.

Sjølv om Svendsen var førebudd på at det ikkje ville vere ope for spørsmål, ville ho ikkje la sjansen gå frå seg.

– Det var veldig viktig for meg. Indiske medium, særleg dei uavhengige, slepp aldri til. Han har ikkje halde ei pressekonferanse på tolv år, seier ho.

pressefridomsindeksen til Reportere uten grenser er India rangert som nummer 157 av 180 land. Noreg er nummer éin.

Frieri og drapstruslar

Etter at videoen med Svendsen gjekk viralt, også til millionar i India, har ho fått store mengder truslar i ulike former – men også eit frieri.

– Eg trur eg trefte ei nerve. Eg hadde aldri sett føre meg den massive støtta, men heller ikkje det massive hatet, seier Svendsen.

– Modi har ein svært stor tilhengjarskare som ser på han som ein stor leiar, og ein stor skare som ikkje kan fordra han.

I mange dagar vart ho ringd ned, og sosiale medium eksploderte. Til slutt vart ho utestengd frå Facebook og Instagram.

Dette fortel ho om i Journalistens podkast.

Konspirasjonar og deepfakes

Kommentatoren har tidlegare vore økonomijournalist og USA-korrespondent for Nettavisen. Sidan ho sjølv har bede folk stille opp dei gongene ho har laga saker, ville ho seie ja då førespurnadene rann inn frå indiske mediehus.

– Eg kom rett inn til ein time med grilling frå ei superaggressiv dame. Ho var ikkje objektiv i det heile, samstundes som ho skulda meg for å vere partisk. Det var eit surrealistisk augeblink, seier ho om eitt av dei direktesende TV-intervjua.

Kor mange bøker om India har du lese? spør reporteren på NDTV

Det var også andre ting Svendsen fekk erfare i indiske medium.

– Eg vart overraska over kor mange som bruker KI. Til dømes photoshopa dei eit bilete av meg, der eg var mykje høgare og slankare enn eg eigentleg er. Eg lurte på om dei verkeleg får lov til å gjere slikt på TV.

I sosiale medium har det også florert falske bilete, kontoar og påstandar. Mellom anna har Svendsen vorte skulda for å vere spion og for å vere betalt av opposisjonen.

Munnhoggeri med diplomaten

I indiske medium og sosiale medium er også møtet mellom Svendsen og den indiske diplomaten Sibi George heftig omtalt.

Han tok spørsmål frå pressa etter fråværet til statsministeren.

– Men på denne pressekonferansen ville dei samle inn alle spørsmåla på førehand, slik at det ikkje var mogleg å stille oppfølgingsspørsmål.

Dette forsøkte kommentatoren å protestere mot, noko som resulterte i eit kraftig munnhoggeri framfor opne kamera.

Det heile kan du høyre i Journalistens podkast.

– Visste ikkje korleis det kom til å sjå ut

I fleire innlegg i sosiale medium er det delt eit klipp der Svendsen forlèt pressekonferansen. Nokon kallar ho aktivist og seier at ho storma ut under svaret, i mangel på respekt.

– Eg gjekk ut for å hente vatn. I dei mediene som har delt klippet, tek dei ikkje med at eg går inn att nokre sekund seinare.

– Så du gjekk ikkje i protest?

– Eg var ikkje akkurat nøgd med svaret eg fekk. Men han hadde snakka i fem minutt og var nok over på noko heilt anna. Eg såg kanskje ikkje blid ut, men kom jo inn att like etterpå.

– Om eg kunne gjort noko annleis, så hadde det vore akkurat det. Eg visste ikkje korleis det kom til å sjå ut, og forstod ikkje heilt at det kom til å bli ei sak, seier ho.

Vestleg arroganse?

I podkastepisoden svarar Svendsen på om ho medvite prøvde å lage eit viralt klipp, om ho er ein del av ein «vestleg arroganse», og korleis ho eigentleg har handtert truslar og deepfakes.

I tillegg reflekterer ho over å gå frå Nettavisen til ei avis med sosialdemokratisk stempel, og forklarar kvifor ho starta ei underskriftskampanje om TV 2 sine metodar i FrP si «barskandale».

Høyr episoda no:








Podkasten er tilgjengeleg også i iTunes, Podme, Podplay og Youtube.

Powered by Labrador CMS