AP: Medium stengd ute frå NATO-toppmøte

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

Fleire uavhengige tyrkiske medium har fått avslag på søknader om akkreditering til NATO-toppmøtet i Ankara denne veka, skriv nyheitsbyrået AP.

USA-president Donald Trump og NATO-sjef Mark Rutte i møte i 2025.

Den tyrkiske journalistforeininga og fleire presseorganisasjonar omtalar avgjerda som eit angrep på pressefridomen.

Blant dei avviste er Halk TV, Sozcu TV, Cumhuriyet, T24 og nyheitsbyrået ANKA. Medium som kan bli oppfatta som opposisjonsvenlige eller uavhengige

Ifølgje journalistforeininga fekk dei verken grunngjeving for avslaget eller høve til å klage.

NATO-talsperson Allison Hart seier alliansen, når toppmøte blir haldne utanfor hovudkvarteret i Brussel, byggjer på vurderingane til vertslandet når journalistar frå det aktuelle landet skal akkrediterast.

– Vi er i kontakt med tyrkiske styresmakter om akkrediteringa til NATO-toppmøtet i Ankara. Det er svært viktig for NATO at media kan vere til stades fysisk på store arrangement, uttala Hart til AP.

Leiarar frå dei 32 medlemslanda, blant dei statsminister Jonas Gahr Støre og USAs president Donald Trump er venta å delta under toppmøtet i den tyrkiske hovedstaden 7.–8. juli. Der skal alliansen blant annet diskutere forsvarsutgifter.

Saka kjem samtidig som Tyrkia har skjerpa tryggingstiltaka før toppmøtet. Menneskerettsorganisasjonar har reagert etter at over 200 personar er pågripne i det styresmaktene omtalar som antiterroraksjonar. Kritikarar meiner fleire av dei pågripne er journalistar, aktivistar og andre regimekritikarar.

Powered by Labrador CMS