VM-journalistar krev lauslating av fengsla kollega

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

Sportsjournalistar i Frankrike, Spania, Argentina og Storbritannia går no saman om å krevje at den franske journalisten Christophe Gleizes blir sett fri, skriv RSF.

RSF har starta ei kampanje for å få frisett den franske journalisten.

Oppropet kjem rett før semifinalane i fotball-VM, og er publisert av Reportarar utan grenser (RSF). Dei fire foreiningane bak peikar på at Gleizes burde ha dekt meisterskapen frå presseboksen, ikkje sete fengsla i Algerie.

Gleizes, som skriv for dei franske magasina So Foot og Society, har vore fengsla sidan juni 2025. Han er dømd til sju års fengsel, noko organisasjonane meiner skuldast journalistarbeidet hans.

– Å rapportere er ikkje ei forbrytning. Verda følgjer VM-semifinalane, og Christophe Gleizes burde vore på plass, ikkje bak murane i Algerie, seier RSFs generalsekretær Thibaut Bruttin.

Oppropet har også støtte frå den internasjonale sportsjournalistforeininga AIPS og den britiske Football Writers' Association.

Powered by Labrador CMS