Reagerer på NJ-prioritering

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

Som Journalisten tidlegare har omtalt foreslår Norsk Journalistlag (NJ) å halvere arrangørstøtta til SKUP-konferansen frå 100.000 til 50.000 kroner i budsjettet for 2027.

Samtidig vil NJ behalde reisestøtta på 100.000 kr. 

SKUP-styreleiaren reagerer på fagforeininga sine prioriteringar.

Styreleder i Skup, Nina Selbo Torset, forstår ikkje prioriteringane til NJ.

– Slik det blir lagt opp no, vil NJ bruke dobbelt så mykje på at ti personar skal få reisestipend som dei gjer på eit kollektivt kompetansetiltak som kjem alle dei 600 deltakarane på SKUP til gode. Det er vanskeleg å forstå, seier Nina Selbo Torset, til Medier24.

Da Journalisten i september skreiv at fleire journalistkonferansar kan bli råka av pengekutt frå NJ, forklarte NJ-leiar Dag Idar Tryggestad at organisasjon no vil prioritere eigne arrangement. 

– Bakgrunnen for forslaget er at NJ over tid har brukt betydelege midlar på å støtte eksterne arrangement. No er det mindre midlar til slike føremål, og vi er nøydde til å gjere prioriteringar.

Til M24 forsvarar han også reisestipenda, som viktige for å sikre at journalistar frå mindre redaksjonar kan delta på konferanser. 

Powered by Labrador CMS