Over 500 klager på VM-dekning

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

NRK har mottatt 477 klager til Publikumsservice og ytterlegare 91 klager til Kringkastingsrådet under årets fotball-VM. Det skriv Kampanje.

Til saman har Publikumsservice fått over 1200 henvendingar om meisterskapen. Resten av henvendingane er spørsmål, kommentarar, ros, feilmeldingar, tips og førespurnader om brukarstøtte.

Den største klagekategorien gjeld kommentatorane. Totalt 184 klager handlar om kommenteringa av kampane.

– Vi har fått vanvittig mange positive tilbakemeldingar for gjennomføringa av årets fotball-VM. Millionar har sett sendingane våre, og at det då berre er 184 som har meiningar om kommentatorane, må vi berre rekne med, seier sportsredaktør Espen Olsen Langfeldt til Kampanje.

Rundt 100 av klagene gjeld uttalen av Curaçao, medan 33 klager handlar om at kampresultat har blitt avslørte, truleg frå kampar som gjekk om natta norsk tid.

Nokon klagar også over omfanget av dekninga under landslaget sin heimkomst.

Powered by Labrador CMS