Kull 43 med nynorsk­praktikantar er klart

Roger Aarli-Grøndalen
mediefolk nyhetsstudio

Fire vestlendingar og ein trønder skal få opplæring som nynorskpraktikantar hausten 2025, opplys NRK nynorsk mediesenter.

– Vi er godt nøgde med talet på søkjarar, og ikkje minst kvaliteten på dei som søkte. Det er alltid kjekt med gode søknadar og sterke kandidatar å velje mellom, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu.

Av 38 søkjarar er fem plukka ut etter søknads- og intervjurunden. Dei startar med opplæring i Førde måndag 18. august.

– Vi gler oss til dei kjem. Det blir kjekt å starte opplæringa og komme i gang med journalistikk, seier Lillesvangstu.

F.v.: Heidrun Sunde Stokke, Maren Braut, Fredrik Kårstad Lilleaasen, Leona Møgster og Marit Balsvik Winge.

Kull 43:

  • Heidrun Sunde Stokke
  • Maren Braut
  • Fredrik Kårstad Lilleaasen
  • Leona Møgster
  • Marit Balsvik

Les meir om dei fem her.

Powered by Labrador CMS