Fekk fast NRK-jobb medan ho var praktikant

Roger Aarli-Grøndalen
mediefolk nyhetsstudio

Fride Kvamsøe Rekdal (27) har fått fast jobb som journalist i NRK Møre og Romsdal – før ho var ferdig med praktikantopphaldet sitt, skriv NRK i ei pressemelding.

Rekdal starta som nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter i januar, og hadde praksis i nyheitsredaksjonen i Ålesund frå mai. Då ei fast stilling vart lyst ut i redaksjonen, søkte ho – og fekk jobben.

– Eg fekk heilt sjokk. Eg hadde aldri trudd at det var eg som kom til å få jobben, så det var ei stor overrasking, seier Rekdal.

Fride Kvamsøe Rekdal er tilsett som nyheitsreporter i NRK Møre og Romsdal.

Ho er opphavleg frå Rekdal i Romsdal og har bakgrunn i filmvitskap ved NTNU. Før karrieren i media jobba ho fleire år i helsevesenet.

– Det har vore den største omveltinga i livet mitt, kanskje nokosinne. Men eg er glad for å ta med den erfaringa vidare inn i journalistikken, for den er gull verdt, seier ho til NRK.

Til stillinga i NRK Møre og Romsdal var det 43 søkjarar. Distriktsredaktør Charlotte Ervik seier Rekdal utmerkte seg tidleg:

– Vi hadde ei sterk søkjarliste og landa på å gå for eit ungt nyheitstalent som passar godt til behova i redaksjonen.

Rekdal ser no fram til å satse fullt på journalistikken.

– Det som er så fint med NRK, er at det finst nesten ingen grenser for kva ein kan gjere, seier ho.

Også resten av kullet frå NRK Nynorsk mediesenter held fram som journalistar i NRK, mellom anna i Nordland, Rogaland og NRK Nyheiter.

Powered by Labrador CMS