Vidar Eidhammer til NRK Vestland

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio mediefolk
Vidar Eidhammer i studio på nyheitsdesken til NRK Marienlyst

Den kjende nyheitsstemma går frå ein jobb i NRK Nyheiter i hovudstaden til eit vikariat i Bergen. 

– Vi er to vestlendingar som har budd lenge i Oslo, derfor er det greit å flytte heimover etterkvart, seier Eidhammer, som kjem frå Skjold i Rogaland.

Dei siste 20 åra har han vore både programleiar i Alltid Nyheiter, reporter og produsent for Nyheitsmorgon og journalist på ulike deskar på fleire flater i NRK. 

– Eg skal nok gjerne mykje av det same i Bergen, som nyheitsjournalist på alle flater, seier han til Journalisten. 

Eidhammer starta si NRK-karriere gjennom NRK Nynorsk Mediesenter i Sogn og Fjordane, han har også arbeidd på distriktskontoret i Rogaland. 

Eidhammer går inn i eit vikariat i NRK Vestland frå mars.

Powered by Labrador CMS