Heidi Odde Karstensen tilbake til DN

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio mediefolk

Heidi Odde Karstensen er tilsett som ny redaksjonell analyseansvarleg og prosjektleiar i Dagens Næringsliv (DN).

Karstensen kjem frå Kreftforeningen, der ho har jobba dei siste fire åra. Ho har tidlegare vore ansvarleg for sosiale medium i DN, og har også erfaring frå NRK.

Heidi Odde Karstensen i DN

– Det kjennest veldig fint å kome tilbake til Dagens Næringsliv. Eg har sakna mediebransjen, og DN viser gong på gong at dei leverer viktig og solid journalistikk. Eg gler meg til å bidra til å utvikle journalistikken vidare, seier Karstensen.

I den nye rolla skal ho vere ein del av redaksjonen og samarbeide tett med fagmiljøet for data og innsikt i DN Media Group.

Sjefredaktør Janne Johannessen meiner tilsetjinga vil styrkje journalistikken i avisa.

– Heidi kjenner oss godt frå før og kjem med nye perspektiv etter nokre år utanfor huset. Dette kjem til å styrkje journalistikken vår, seier Johannessen.

Powered by Labrador CMS