Var bekymra for om Shada-saka ville bli publisert

VG og Faktisk-journalistane håpar fleire medium no vil sjå kritisk på både barnevernet og konspirasjonar som blir spreidde på nett.

VG-journalist Marie G. Kingsrød ser på åstadsbilete saman med ekspert på bildeanalyse, professor Duc-Tien Dang-Nguyen.
Publisert
Lesetid: 3 min

I 2019 vart 16 år gamle Shada funnen død på ein barnevernsinstitusjon i Stavanger. Politiet konkluderte med sjølvmord. Men i åra etter har ei heilt anna historie blitt spreidd på nett, i podkastar, alternative medium og sosiale medium.

Der har folk fortalt at Shada vart drepen for å skjule systematisk trafficking og tvungen prostitusjon. Ifølgje påstandane har både barnevernet, politiet, falske legar og til og med statsministeren stått bak.

I over åtte månader har journalistar frå VG og Faktisk.no granska påstandane, som tusenvis av menneske har engasjert seg i. Journalistane har vore i kontakt med mange av dei som har engasjert seg sterkt i saka, og som framleis trur at Shada vart drepen.

Har reagert på stillheita

– Eg trudde eg skulle få meir hat, men har berre fått to negative e-postar, seier VG-journalist Marie Golimo Kingsrød etter at saka vart publisert denne helga.

Kingsrød er gravejournalist i avisa, og har tidlegare stått bak avsløringar om barnevern, overgrep og barnevernsaktivistar.

– Mange har vore takksame fordi dei har lurt på kva som eigentleg skjedde med Shada, og har reagert på stillheita frå både politi, barnevern, media og alle andre.

Sensitivt og tidkrevjande

Journalistane i VG og Faktisk.no var ikkje klare over at begge medium arbeidde med saka kvar for seg. Det fann Kingsrød ut gjennom ei kjelde som begge hadde intervjua. I staden for å konkurrere valde dei å inngå eit samarbeid i fjor haust, noko som no har resultert i eit større sakskompleks og ein podkast.

– Eg var bekymra for at det ikkje skulle gå, fordi temaet er så sensitivt, og fordi det kravde mykje tid og ressursar, seier ho.

Samarbeidet med Faktisk.no bidrog dermed til fleire ressursar på eit krevjande område.

Eit mindreårig barn, teieplikt, kulturforskjellar, konspirasjonsteoriar og menneske utan tillit til media er noko av det journalistane har måtta navigere i.

– I tillegg kjem svært detaljerte skildringar av eit sjølvmord, som vi tradisjonelt har vore varsame med å omtale i media, seier Kingsrød.

Vil ha meir fokus på barnevernet

Journalistane håpar saka viser at det er mogleg å gå inn i etisk utfordrande saker.

– Eg håpar vi kan få meir fokus på barnevernet. Det er ingen tvil om at det trengst, seier Silje Førsund, journalist og fagansvarleg for verifisering i Faktisk.no.

Silje Førsund i Faktisk.no er ekspert på verifisering.

Ho har skrive fleire saker om barnevernet, også då ho tidlegare var gravejournalist i Dagbladet. Førsund har òg gitt ut boka En godt bevart hemmelighet, om systemsvikt og overgrep innan norsk adopsjon.

– Det er viktig at det blir stilt kritiske spørsmål, seier Kingsrød om den delen av det offentlege som skal verne barn i sårbare livssituasjonar.

Motiv? Agenda?

Førsund håpar at granskinga deira også kan bidra til å opplyse folk om mekanismane i sosiale medium.

– Vi veit korleis påstandar som dette blir spreidde. Sosiale medium er nærast skapte for konspirasjonsteoriar, fordi dei premierer det kontroversielle, sterke kjensler, engasjement og konflikt.

Dette meiner ho det òg kan liggje økonomiske motiv bak.

– Vi må hugse på at det i alt dette finst aktørar som spreier påstandar, ikkje nødvendigvis fordi dei trur på dei sjølve, men fordi det kan skape stor interesse og merksemd, som igjen kan generere pengar.

Kingsrød med dokument frå politiet i Stavanger

– Kva seier de til dei som meiner at det er de som har ein agenda?

– Det må folk få lov til å meine. Men vi er i alle fall opne om kven som eig oss, kvar vi får pengar frå, kven som sit i styret og korleis vi arbeider, seier Førsund.

– Nokon trur ikkje på det vi skriv, eller dei vil ikkje tru på det, fordi dei meiner vi er styrte av staten. Men eg ser også i kommentarfelta no at det er fleire som stiller kritiske spørsmål og viser til journalistikken vår, legg Kingsrød til.

Kvifor inga sak før no?

Men kvifor har ikkje media teke tak i denne saka tidlegare? Og korleis har dei eigentleg arbeidd med saka? Og kan VG og Faktisk.no vere heilt sikre på at Shada ikkje vart drepen?

Dette får dei spørsmål om i den ferske episoda av Journalistens podkast: 

Powered by Labrador CMS