Aftenpostens nye korrespondent:
– Vi må vere kritiske til Ukraina
Afshin Ismaeli meiner norske medier må våge å stille kritiske spørsmål til Ukraina, sjølv om journalistikken kan bli brukt i russisk propaganda.
Den prisvinnande utanriksjournalisten har frå før lang erfaring frå konfliktområde i mellom anna Irak, Syria og Afghanistan.
No førebur han seg på å flytte til eit land der kvardagen består av flyalarmar, droneangrep, hyppige straumbrot og ein ny vinter med energikrise.
– Eg tek med mykje ullundertøy, og skal skaffe meg ovn og mange batteri som kan lade PC og mobil, fortel han i Journalistens podkast.
Han meiner det er avgjerande å vere «på bakken» og bli ein del av samfunnet for å dekke krigen på best mogleg måte, spesielt i ei tid med propaganda, KI og mykje spredning av falsk informasjon.
Droner har erstatta menneske
Krigen i Ukraina har blitt ein heilt annan krig enn det han har sett før, fortel han.
– Det er heilt sjukt korleis teknologien endrar seg, og korleis både dronar og missil blir oppdaterte heile tida. Som i Kramatorsk, der russarane skal ha brukt droner som er fulle av KI-teknologi.
Ismaeli såg tidlege variantar av dronekrigføring då han dekte kampane mot IS i Mosul i 2016 og 2017. I Ukraina har teknologien fått ei heilt anna rolle.
– No er det ikkje menneska som er på fronten. Det er berre dronar.
Må ikkje la seg stoppe av propaganda
Etter meir enn fire år med fullskala krig har også journalistikken om Ukraina blitt meir samansett. Korrupsjon, maktkonsentrasjon og bruken av den vestlege støtta har fått større plass.
Ismaeli meiner norske medier må halde fram med å undersøke slike spørsmål.
– Ein del av vår jobb er å passe på at pengane blir brukt riktig, i riktige hender. Det har vore laga store, kritiske saker, men vi kan bli flinkare, alltid.
– Er det ein risiko for at ein kan bite på russisk propaganda, eller at kritiske saker frå mediene blir brukt i russisk propaganda?
– Ein skal jo gjere det likevel. For det er betre for landet, betre for demokratiet.
– Vi er jo først og fremst journalistar, seier han.
Han viser til dyktige ukrainske journalistar, som har gjort fleire kritiske saker mot eigne myndigheiter, samtidig som at landet er utsett for ein russisk angrepskrig.
Frå Taliban til IS-leiren
I Journalistens podkast fortel Ismaeli om å sjølv oppleve krig som barn, kvifor journalistikken betyr så mykje for han, og om då han vart banka opp av Hizbollah og tyrkisk politi.
Han fortel historia bak det prisvinnande og ikoniske Taliban-bilete på ei romaskin, om korleis han fann fem foreldrelause barn og dei norske IS-søstrene i al-Hol-leiren.
Og om då bilete av hans eige ansikt blei manipulert og spreidd som desinformasjon.
Høyr Journalistens podkast:
Nylige artikler
NRK rettet konklusjon fra covidstudie – så måtte de rette rettelsen
Slutter seg til Altinget-kritikken: – Et nivå av brutalitet vi ikke er vant til i Norge
Journalistisk FOMO og sutring
Rasende nyhetssjef: – De har skremt folk til å signere dårlige sluttavtaler
Publiserer siste Altinget-artikkel på tirsdag
Mest leste artikler
Var alt Harald gjorde helt konge – og når er det greit å snakke stygt om de døde?
Publiserte bilde av Mette-Marit med «spybøtte»: – Stor dokumentasjonsverdi
Publiserer siste Altinget-artikkel på tirsdag
Brutalisering av arbeidslivet
Foreslår at Altinget saksøkes: – Gi dem en smekk