Andreas Skartveit. Foto: Sveinung Uddu Ystad

Ber Skup trekke diplom

(LESERKOMMENTAR): Tidligere forslagssjef Andreas Skartveit angriper graveutmerkelse til Aftenposten.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Til SKUP-juryen ved formannen Thor Woje, og sekretariatsleiaren i SKUP.

22.12.2011 fekk eg tilsendt på mail dei vedtekne retningslinene for klaging på SKUP-prisar og diplom. Eg takkar for det.

Dette brevet er då frå mi side å rekne som ei klage på tildelinga av SKUP-diplom til Robert Gjerde for arbeidet med den såkalla Bærumsaka, innafor rammene av dei nye retningslinene. Det er også ein kommentar til dei nye reglane.

Pkt 6 seier at klagefristen er eitt år etter tildelinga av pris/diplom. Eg vil då peike på at eg protesterte alt ved tildelinga i 2000. Det gjorde eg etter at politiet hadde frikjent Bærumlegen for klagemåla om aktiv dødshjelp, og lovavdelinga i Justisdepartementet hadde tilbakevist alle klagemål mot Helsetilsynets handtering av saka. Saka var då tømt og grunnlaget for tildelinga borte.

Eg kjende ikkje då saksgang og klageordningar i SKUP-juryen, men eg rekna ein avisartikkel som ein rimeleg kanal inn i Journalistforbundets jury.

Klagen vart tilbakevist, også i ein avisartikkel, av m.a. Skjalg Fremo, som då visstnok hadde med saka å gjere. Eg var m.a. ord godt innafor dagens tidsfrist, som då ikkje fanst. Då Anne Alvik kom med si bok på etterjulsvinteren 2010, kom det liv i saka igjen, med ein livleg debatt i følgje.

I bakkant av denne debatten sende eg ei ny klage, som det tok nesten to år å få svar på. Eg vil såleis meine at mi klage fell inn under 2. punktum i pkt 6, der juryen kan velje å sjå bort frå eitt-årsfristen.

I siste klagen min til SKUP-juryen har eg gjort greie for grunnlaget for mi klage, og eg skal difor berre gjere det kort og summarisk her.

Når Bærumsaka var slutthandtert av våre høgste organ i feltet: Politi og rettsapparat når det gjeld mord, og Justisdepartementet når det gjeld habilitet og sakshandtering, vart ho tømt. Det var ingenting å klandre. Bærumslegen fekk kritikk, også av andre organ, for si journalføring.

Han let seg stå som behandlande lege for ein pasient medan han sjølv var i utlandet med telefonkontakt med sjukehuset. Om han, eller sjukehuset, hadde sett eit anna legenamn i journalen, ville denne kritikken aldri dukka opp. For pasienten ville det ikkje gjort nokon skilnad. Familien til pasienten gav uttrykk for stor takksemd for den behandlinga han fekk ved Bærum sjukehus siste dagane han levde.

Kritikk av journalføring er det mest vanlege grunnlaget ved norske sjukehus for kritikk frå Helsetilsynet. Og dette kritiserte punktet ligg i alvorsgrad mange lysår frå det Bærumsaka starta med, og som Robert Gjerdes arbeid bygde vidare.

I Bærumsaka var det stort skrik og lite ull, som han sa djevelen då han klypte grisen. I kjølvatnet av Anne Alviks bok steig Gjerdes kjelder fram med beisk kritikk av det Gjerde hadde utsett dei for. Dette har eg gjort greie for i mitt førre brev, for snart to år sidan.

Inge Lønning, Ole Gunnar Ballo og Jan Helge Solbakk kjende seg maniupulerte og førte bak lyset. Dei kjende seg ståande ved skampålen og kjende seg tvinga til offentleg botsgang.

Eg er ikkje pressehistorikar, men noko slikt har eg aldri sett før. SKUP-diplomet er ei utmerking for metode. Denne sterke og eintydige tilbakemeldinga frå primærkjeldene må vere ein uvanleg tung og fellande dom over metoden som er brukt, og diplomert.

Granskingar og tilbakemeldingar kan tyde på at sjukehusmiljø er blitt skremt av mediedekninga av Bærumsaka, slik at sjuke menneske i livets siste fase ikkje har fått den hjelpa som var tilgjengeleg for å døyve tung smerte. For dei har livets utgang blitt tyngre enn han trong å vere. Dette er vondt å tenkje på.

Eg reknar med at eg her, saman med mitt brev frå 2010, har motivert at diplomet må tilbakekallast, og at klagen er innafor gjeldande tidsfristar

Så har eg eit par kommentarar til det nye regelverket. Etter pkt 4 kan pris eller diplom berre trekkjast tilbake om klagaren kan dokumentere at den innklagede journalist bevisst har gitt feilaktige opplysningar som åpenbart  har vært av vesentlig betydning for juryens tildeling.

Med andre ord: Om mi klage skal nå fram, må eg ikkje berre meine at Robert Gjerde er ein skurk og ein kjeltring som snor seg fram med løgn og fantri, fram til heider og ære. Eg må kunne dokumentere det også. Slik dokumentasjon brukar å hamne i rettssalen.

Pkt 4 vil i praksis stengje døra for alle klagarar for all framtid. Juryen har bygt seg ein ugjennomtrengeleg forsvarsvoll. Det er freistande å  gratulere.

No meiner ikkje eg at Robert Gjerde er ein skurk og ein kjeltring, slik regleverket krev at eg skal meine om klaga mi skal nå fram.

Eg meiner tvert imot at han var ein mann som i sterk, ærleg og god tru, og godtruen, stridde den gode strid for det han trudde var rett og sant.

Sterk og ærleg tru kan vere farleg og føre svært gale av stad. Historia er full av slike døme Og Bærumsaka er eit slikt døme. Menneske som ikkje hadde gjort noko klanderverdig, vart mediejaga til ein høg pris, aktverdige samfunnsborgarar vart misleidde og manipulerte og enda opp med ein offentleg skamfull botsgang. Og for tilfeldige menneske vart døden tyngre enn han trong å vere.

I ettertid er det lett å sjå at Gjerdes kritiske evne svikta totalt og katastrofalt. Å tildele diplom frå juryen for kritisk og undersøkjande journalistikk for dette arbeidet, der den kritiske sansen var så demonstrativt fråverande, er oppsiktsvekkjande.

Pkt 5 i dei nye retningslinene er sterk kost: Nye opplysninger i en sak, generelle stemningsskifter eller endrede journalistiske arbeidsmetoder og syn på disse etter tildelingstidspunktet, gir ikke grunnlag for klage.

Det juryen gjer ved desse formuleringane, er å skrive frå seg retten til å justere eigne handlingar etter eigen ettertanke. Ettertanken er ein gyllen reiskap vi alle er sterkt avhengige av for å rette opp dumme og galne ting vi har gjort. Å skrive frå seg retten til å bruke eigen ettertanke er det få som har råd til. SKUP-juryen meiner at han har det.

Ikkje berre det. Eit journalistkollegium, som juryen jo er, skriv også frå seg retten til å justere handlingar og avgjerder om nye opplysningar, fakta skulle dukke opp.

Ikkje eingong paven har skrive frå seg denne retten. Han flikkar stendig på læra ut frå det han meiner er fakta. Facts are sacred, heitte det ein gong.

Og juryen har reist ein ny forsvarsvoll mot klager og klagarar når det gjeld juryens arbeid.

Juryvernet er sterkt.

SKUP-juryen er av dei mest stengde og tyngste organisasjonane eg har hatt å gjere med. Ein ting er at det tek uvanleg lang tid og mange purringar før svar blir gitt.

Ein annan ting er dei nye retningslinene. Dei er laga slik at det skal vere omtrent uråd å nå fram med klager om ein skulle ha noko å klage over.

Journalistar krev at samfunnet skal vere ope. Makta skal vere tilgjengeleg og kunne svare for seg når det blir kravt. Slik skal, må og bør det vere. Då blir det paradoksalt, barokt og uforståeleg at SKUP-juryen, ein journalistjury, gjer det i praksis uråd å stelle juryen til ansvar for sine avgjerder, ved sitt eige regelverk.

Her er SKUP-juryen i nivå med Vatikanets conclave ved paveval, eller Nobelkomiteen. Eller med ein stum østers som klemmer hardt igjen. Og som skrive står:

Kva gagnar det ein østers om han vinn den heile verda, men tar skade på sitt skjell?

SKUP-juryen har i alle fall, ved sine nye retningsliner, vist stor omsorg for sit eige skal og sitt eige vern.

Verda utanfor får berre halde seg unna.

Oslo 040112

Beste helsing

Andreas Skartveit

(Kopi til Anne Alvik, Stig Ottesen. Robert Gjerde, Fagbladet Journalisten)

Skjalg Fremo, leder av Skup-juryen som ga Gjerde diplom, har tidligere kommentert Skartveits kritikk i Aftenposten.

Andreas Skartveit er pensjonert forlagsredaktør.

Powered by Labrador CMS