– Her skjedde ein glipp
Eit bilete generert av KI stod på trykk til sjefredaktørens kommentar i Dagbladet. No tek han sjølvkritikk.
Dette bilete til Gunnar Stavrum sin kommentar er generert av ChatGPT.
Skjermdump: Dagbladet 8. juli
I avisas papirutgåve 8. juli skriv Dagbladets sjefredaktør Gunnar Stavrum om vald mot skulelærarar.
Bilete i kommentaren ser meir eller mindre fotorealistisk ut, men oppe i høgre hjørne står det at det er generert som eit illustrasjonsbilete av ChatGPT.
Journalisten er kjend med at dette har skapt misnøye innad i Dagbladet.
Har ikkje endra policy
I avisa sine retningslinjer for KI står det at «Dagbladet skal som hovedregel ikke bruke KI til å lage fotorealistiske bilder eller video».
Derfor spør vi den ferske sjefredaktøren om han har endra retningslinjene.
– Her skjedde det ein glipp. Dagbladets policy er at vi ikkje bruker fotografiske bilete generert med kunstig intelligens, seier han.
I retningslinjene står det også at «Dersom Dagbladet unntaksvis skal bruke KI-genererte bilder, skal de ikke kunne forveksles med reelle fotografier eller videoer og være tydelig merket for leseren eller brukeren».
– Bilete var merka, men vi har definitivt ikkje endra policy.
I nettversjonen av saka er det no eit NTB-bilete som illustrasjon.
– Det vart fanga opp på desken og endra på mobil og nett, forklarer Stavrum.
– Ingen stor diskusjon
Om uro innad i redaksjonen seier Stavrum at:
– Det har ikkje vore nokon stor diskusjon.
– Korleis kan ein slik glipp skje?
– Feilen er mitt ansvar, og det er brei einigheit om vår policy vedrørande KI-bilete.
Fredag sletta også Dagbladet ei sak på nett, etter at avisa brukte bilete av feil person.
Nylige artikler
Ni av ti rettede Adresseavisen-kommentarer får fullt KI-utslag
17 kjappe
– Vi bør ikke endre Vær Varsom-plakatens punkt 2.1 nå
VG vant – Procter & Gamble må betale 1,2 millioner i saksomkostninger
Legger fram ny rapport om redaktøransvaret
Mest leste artikler
Facebook innfører kvote: Nisjemediet får dele to lenker i måneden
Se og Hør var nær å avsløre norsk Epstein-kobling i 2012
Derfor identifiserer ikke mediene Ap-rådgiveren med hallikdom
Gard Steiros avgang passet perfekt inn i Journalistens strategi
Gard Steiro går av som VG-sjef