Mediefolk:
Janne Kristin Rossvoll Falch er ny journalist i avisa Nordre. Foto: Hilde Beate Ellingsæter
Janne Kristin Rossvoll Falch fast tilsett i avisa Nordre
Utvidar redaksjonen.
Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Janne Kristin Rossvoll Falch er tilsett som ny journalist i Nordre, skriv avisa sjølv. Nordre er lokalavisa for industri-, jordbruks- og kulturkommunane Haram og Sandøy i Møre og Romsdal, og kjem ut på papir ei gong kvar veke.
Falch kjem frå Harøya og håpar å bidra til at det blir meir stoff frå Sandøy i avisa.
Den nye journalisten er fast tilsett, og avisa vil i tillegg fortsette å bruke dei frilansarane som er tilknytta dei.
Redaksjonen held til i Brattvåg, og består frå før av redaktør Hilde Beate Ellingsæter, ein fast frilansar, og åtte andre som dei spør etter behov.