Riksmeklaren har i dag teke imot Norsk Journalistlag og Virke, som no skal få hjelp til å forhandle på vegner av medlemmene til fagforeininga og arbeidsgivarorganisasjonen i produksjonsselskapa Strix og Monster.
NJ braut forhandlingane i mai, og grunngav dette med at Virke ønskte å ta frå dei det forhandlingsleiar Elin Nykaas kalla hardt tilkjempa rettar som partane vart samde om i fjor.
– Det er jo det eit hovudoppgjer er til for, å krevje eller ønskje seg endringar, seier derimot forhandlingsleiar i Virke, Trond Teisberg.
– Men NJ seier at de vil gå tilbake på ting de vart samde om i førre runde. Er det ryddig?
– Slik vil ein kunne definere det uansett når ein ønskjer å endre noko i ein tariffavtale. Men det er mindre endringar vi ønskjer, som er viktige strukturelt.
Nykaas frå NJ seier dei har stor respekt for spelereglane i arbeidslivet.
– Vår tilnærming til dette oppgjeret er at vi skal byggje vidare på avtalen, ikkje reversere det vi allereie er samde om.
– Denne avtalen vart etablert så seint som i fjor, så han har berre fått verke i eitt år. Det er krevjande, basert på dei utfordrande forholda i bransjen, og ulike forventningar til kva ein tariffavtale skulle og skal innehalde i andre bransjar og her.
Annonse
Advokat Elin Nykaas saman med NJ-leiar Dag Idar Tryggestad, med meklar Anne Cathrine Frøstrup på veg inn til møtet.Foto: Espen Moe Breivik.
– Kva er det som er krevjande i bransjen, som de ønskjer at NJ skal forstå?
– Det handlar om det økonomiske biletet, som eg ikkje skal gå i detalj på no, men som handlar om situasjonen for produsentane. Konkurransen mellom dei, den internasjonale konkurransen og situasjonen til kundane deira når det gjeld finansiering.
Løn, opphav og organisering
Nøyaktig kva for formuleringar i tariffavtalen som er stridstema, vil ikkje partane gå inn på. Slik Journalisten forstår det, handlar usemjene om løn, opphavsrett og organisering av arbeidet.
– Vi vil gjere vårt for ein konstruktiv prosess hos Riksmeklaren. Vi har tru på at vi i fellesskap klarer å få dette til, seier Nykaas.
– Forventningane er at vi forhåpentlegvis får god hjelp av meklaren til å løyse det som viste seg å vere litt krevjande forhandlingar, seier Teisberg.
HØYR PODKAST: Korleis fungerer eigentleg tv-bransjen? Er det eigentleg litt regi på farmen? Og korleis kan streik ramme produksjonane?
Til opplysning: Journalisten utgis av NJ. Redaksjonen er uavhengig.
Nylige artikler
Unge menn mener alternative medier tilfører viktig informasjon
Flertallet mener journalister påvirkes av egne politiske standpunkter
Helse Nord, opptakene som tok slutt og skandalen som forsvant ut i intet
Er én ribbet høne i hånden bedre enn ti på taket?
17 kjappe
Mest leste artikler
Pulte rundt i alle mediehus denne uka
Se og Hør tok bilde i NRK-legendes begravelse – klaget inn til PFU
Historisk PFU-nekt: Nå er saken sendt til Norsk Redaktørforening
Var bekymra for om Shada-saka ville bli publisert
Skulle til USA-VM for Dagbladet: Fikk ikke visum