Espen Moe Breivik får nynorskstipend

Roger Aarli-Grøndalen
nyhetsstudio

Espen Moe Breivik får nynorskstipend på 50.000 kroner frå Noregs Mållag, skriv mållaget i ei pressemelding.

Stipendet skal brukast til å skapa innhald i sosiale medium om politikk retta mot unge vaksne.

– Mållaget tykkjer det er svært meiningsfullt å vere med på å gje støtte til innhald i sosiale medium for unge veljarar om politikk og mediekritikk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Espen Moe Breivik fotografert på NJs landsmøte i mars.

Breivik har bakgrunn som journalist i VG, VGTV og NRK.

– Det er viktig å nå ut med innhald om politikk og debatt som får merksemd i sosiale medium på nynorsk. Skal vi ha eit levande demokrati og folkestyre, må alle delta, seier Hauge.

Nynorskstipenda blir finansierte av Kulturdepartementet og blir delte ut kvart år. Eitt til ein mann og eitt til ei kvinne, begge på 50.000 kroner. Dei skal særleg gå til tiltak som gjev nynorsk på nye område, eller område der det er lite nynorsk frå før.

Powered by Labrador CMS