Arve Brekkhus gir seg som sjefredaktør i Byggeindustrien

Espen Moe Breivik
mediefolk nyhetsstudio

Sjefredaktør Arve Brekkhus sluttar i Byggeindustrien etter snart 25 år i fagbladet. Det melder bygg.no.

Går til Veidekke.

Brekkhus har vore sjefredaktør i over tolv år, og går no til stillinga som kommunikasjonssjef i Veidekke.

Han trer med umiddelbar verknad ut av alle redaksjonelle oppgåver, men vil vere tilgjengeleg for styret og utgivarselskapet Bygg og Anlegg Media AS i oppseiingstida.

Nyheitsredaktør Frode Aga er konstituert som sjefredaktør medan styret startar arbeidet med å rekruttere ein fast etterfølgjar.

– Det har ikkje vore éin keisam dag på jobb, og vi har fått til mykje undervegs. Men det er òg slik at det er ei tid for alt, og eg meiner tida no er inne for andre å ta over leiarfunksjonen i redaksjonen, seier Brekkhus til bygg.no.

Byggeindustrien har om lag 50.000 abonnentar. Utgivarselskapet Bygg og Anlegg Media AS hadde ei omsetning på litt over 46 millionar kroner i fjor og har 24 tilsette.

Powered by Labrador CMS