To nye rådgivarar til Amedia Innhaldsutvikling

Espen Moe Breivik
mediefolk nyhetsstudio

Ingrid Cogorno og Terje Sundby er tilsette som rådgivarar i Amedia Innhaldsutvikling. Dei skal bidra med innsikt, analyse og råd om redaksjonell strategi til over hundre redaktørstyrte medium i konsernet.

Ifølgje ei pressemelding var det 51 søkjarar til dei to stillingane.

Terje Sundby og Ingrid Cogorno.

Cogorno kjem frå NRK Stor-Oslo. Ho har tidlegare vore med på å byggje opp videosatsinga i Dagbladet og var sentral i oppstarten av Avisa Oslo.

Sundby har om lag 20 års erfaring frå Glåmdalen, og kjem no frå Klosser Innovasjon, der han har arbeidd med prosessleiing og innovasjon.

– Å få vere med på å utvikle den gode journalistikken som kvar dag blir laga over heile landet er verkeleg ein draumejobb, seier Cogorno i pressemeldinga.

Sundby peikar særleg på kunstig intelligens som eit viktig arbeidsområde framover.

– AI og automatiserte løysingar gir fantastiske moglegheiter, men krev ei ny medvit rundt både presseetikk, juss og tryggleik, seier han.

Dei to tek til i Amedia Innhaldsutvikling 17. august.

Powered by Labrador CMS