Einar Lundsør blir nyheitsredaktør i Firda

Roger Aarli-Grøndalen
nyhetsstudio mediefolk

Einar Lundsør (34) er tilsett som nyheitsredaktør i Firda. Han tiltrer stillinga 1. desember, kjem det fram i ei melding frå avisa.

Lundsør har jobba i Firda sidan februar 2023, først som politisk journalist og sidan 2024 som ein av fire frontsjefar i avisa.

Einar Lundsør.

– Firda er ei veldig god avis som har teke store steg over mange år. Vi er på rett veg og skal halde fram med å utvikle oss. Som ei viktig stemme i Sogn og Fjordane har vi eit ansvar som forpliktar, seier Lundsør.

Ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen er nøgd med tilsetjinga og trekkjer fram arbeidet Lundsør har gjort som politisk journalist.

– Som politisk journalist har Einar sett dagsorden, utfordra makta og presentert innhaldet på ein spennande måte. No går han over i ei ny rolle der han skal få andre til å prestere det same. Det kjem han til å klare heilt fint, seier Pedersen.

Lundsør har tidlegare jobba i Fredrikstad Blad og Bergensavisen (BA).

Tilpass teksten til bokmålGjør saken mer Journalisten-kort

Powered by Labrador CMS