Eli Uttakleiv kåra til årets klubbleiar

Roger Aarli-Grøndalen
nyhetsstudio

Eli Uttakleiv frå Rakkestad Avis er kåra til årets klubbleiar i Norsk Journalistlag (NJ). Prisen blei delt ut under konferansen Styrkeløft onsdag kveld.

Prisen er ei av dei høgaste utmerkingane i NJ og blir delt ut til klubbleiarar som har gjort ein særskild innsats for medlemmene.

Eli Uttakleiv (i midten) fekk prisen av NJ-leiarane Dag Idar Tryggestad og Margrethe Håland Solheim.

Uttakleiv får prisen for arbeidet med å sikre kollegaene rett lønn og arbeidstid. Ifølgje NJ starta arbeidet i 2023, då ho oppdaga at det kunne mangle tillegg på lønnsslippen. Ho tok opp kampen for manglande helgetillegg og for mange arbeidsdagar i månaden.

«Å vere ein person som ikkje gir seg når nokon seier nei, og atter nei, det står det respekt av. Slik er årets klubbleiar», heiter det i grunngjevinga.

Våren 2026 fekk ho gjennomslag. Resultatet blei at klubbmedlemmene fekk etterbetalt betydelege summar for manglande overtid og helgetillegg fleire år tilbake i tid.

«Ho las seg opp på avtaleverket, ho søkte hjelp hos dei som forstod jusspråket betre enn henne, og ho gav aldri opp», heiter det vidare i grunngjevinga.

NJ trekkjer særleg fram at Uttakleiv tok opp kampen kort tid etter at ho blei klubbleiar, medan ho framleis var fersk i journalistyrket.

Til orientering: Journalisten blir gitt ut av NJ, men redaksjonen er uavhengig.

Powered by Labrador CMS