Ei ny masteroppgåve peikar på at journalistar må trekkje grensene sjølve når dei publiserer i sosiale medium. Forfattaren meiner redaksjonane må bli tydelegare på kva dei forventar av sine profilerte journalistar.
Skjermdump fra TV 2, Dagbladet og Nettavisen på Instagram.
Kor langt kan ein journalist gå i å vise støtte til ei sak på Facebook? Er det greitt å drive med humor på TikTok, ved sidan av journalistjobben? Og kor personleg kan ein vere på Istagram utan at det går utover truverdet?
Det er spørsmål som sjeldan har klare svar.
Karlsmoen er journalist i Dagbladet.
I ei ny masteroppgåve ved OsloMet har Renate Karlsmoen undersøkt korleis journalistar og redaksjonsleiarar vurderer personleg og profesjonell bruk av sosiale medium.
– Det er noko eg har merka at mange lurer på. Journalistar opplev det veldig ulikt frå stad til stad.
Karlsmoen arbeider som journalist i Dagbladet, der ho mellom anna har jobba med sosiale medium.
Må ta avgjerdene sjølve
Studien byggjer på intervju med 14 journalistar og seks redaksjonsleiarar frå ulike delar av landet.
Eit av hovudfunna er at journalistane er samde om dei store prinsippa, som truverd, uavhengigheit og ansvar. Utfordringane oppstår når desse prinsippa skal omsetjast til konkrete publiseringar på eigne, private kontoar.
– Eg er overraska over kor lite regulert dette er frå redaksjonane.
Karlsmoen konkluderer med at den «redaksjonelle profilen» er ei journalistrolle i utvikling, og at den personlege synlegheita gjer at journalistane i større grad sjølve må vurdere kvar grensene går.
Annonse
– Med sosiale medium kjem ein tettare på, noko som kan styrke kontakten med publikum og gjere journalistikken meir tilgjengeleg. Men då auker også utfordringa med å skille mellom privatperson og journalist.
Ho peikar på at dette skjerpar behovet for tydelegare støtte og avklaringar.
– Mange sa til meg at redaksjonane ikkje har oversikt over kva profilane gjer i sine private sosiale medium. Eg seier ikkje at ein skal ha full kontroll over sånt, for journalistane må ta ansvar sjølv og vi er glad i den autonomien, men ein burde kanskje ha ein tanke om korleis det skal vere.
– Tek ikkje medieleiarane sosiale medium på like stort alvor som resten?
– Nokon sa at dei opplev holdningar frå sjefane om at sosiale medium berre er «gøy og moro». Eg trur ikkje alle leiarane forstår kva ein set journalistane i, seier Karlsmoen.
Vil ikkje kalle journalistane «profilar»
Gjennom intervjua ho gjorde innsåg Karlsmoen at enkelte redaksjonar kanskje fråskriv seg ansvar, fordi dei ikkje vil bruke begrep som «profil», trass i at mange av dei er synlege for hundretusener.
– Men dei er jo ansiktet utad slik publikum les det, seier Karlsmoen.
Alle dei som vart intervjua i oppgåva seier dei opplev god støtte frå arbeidsgivar i å handtere hets, dei gongane det dukkar opp. Det kan likevel vere ei ekstra belastning at ein er «ansiktet på saka», at ein ofte er den som først må lese kommentarar og hets, eller at ein sjølv har ansvar for å moderere det.
– Ei beskriv likevel at ho opplever hets på mediets konto mindre alvorleg enn dei gongane det dukkar opp på hennar personlege profil, fortel Renate.
– Leiarane på si side peika på at dei ikkje har redaktøransvar for dei personlege profilane, men at ein likevel kan vere ei støtte dersom dei tilsette skulle ha behov for det.
Masteroppgåva viser at journalistane ofte støttar seg på eigne vurderingar når dei skal avgjere kva som er greitt å publisere i eigne kanalar.
Dette er ofte påverka av forhold som profesjonelle ideal, redaksjonskultur, journalisten si eiga dømmekraft og den konkrete situasjonen, skriv ho.
Karlsmoen meiner denne samtalen må opp og frem i redaksjonane.
– Kva det inneber å vere synleg på mediets flater er noko ein bør snakke om. Eg ser ikkje at dette er noko ein er god på i dag, seier ho.
Aktuell debatt
Temaet har vore diskutert fleire gonger dei siste åra.
Mellom anna oppdaterte NRK retningslinjene sine for tilsette sine sosiale medium i fjor, samstundes som fleire journalistar og tillitsvalde åtvara mot at slike reglar kunne avgrense ytringsfridomen.
Karlsmoen meiner ikkje oppgåva ho har skrive gir nokon fasit på kva redaksjonane bør gjere, målet var først og fremst å undersøkje korleis journalistar og redaktørar resonnerer.
– Har du sjølv endra måten du brukar sosiale medium på etter denne oppgåva?
– Eg har vore veldig restriktiv på kva eg sjølv kan publisere og ikkje. No er eg nok litt mindre stressa over det, seier ho.
Høyr podkast: Dette ville Dagsavisens kommentator Helle Lyng Svendsen gjort annleis, da ho gjekk viralt:
Til opplysning: Renate Karlsmoen er tillitsvalgt i Norsk Journalistlag (NJ), og sitter i Journalistens styre. Journalisten utgis av NJ, redaksjonen er likevel uavhengig.
Nylige artikler
– Overraska over kor lite regulert det er
– Den største investeringa på lenge
TV Glad får kjente mennesker til å åpne seg om sorg, ensomhet og skam
Ung redaktørbølge i fleire lokalaviser
Teknologien har aldri betydd mer. Forståelsen av den forvitrer i stillhet
Mest leste artikler
Forsvaret knebler ansatte og vernepliktige
Krimduoen gjenforenes i TV 2
Derfor kjem Theo «alltid» først
Vil ha Scheie på Brasil-kampen – dette svarer NRK
Ung redaktørbølge i fleire lokalaviser