Steiro om dei «verste» journalistane: – Likar dei eigentleg best
Den avtroppande VG-sjefen meiner kritiske journalistar er heilt avgjerande i ein god redaksjon. Sjølv innrømmer han at VG-jobben vart meir intens enn han hadde sett for seg.
VG-sjef Gard Steiro får no ein enda mektigare jobb i mediene.Foto: Foto: Line Møller / VG
Etter snart ti år som ansvarleg redaktør og over elleve år i VG er Gard Steiro på veg vidare til konsernleiinga i Schibsted. Der skal han leie News Media-divisjonen, med ansvar for fleire medier i Norge og Sverige.
I Journalistens podkast fortel han om åra i VG, om oppturar og nedturar, kva han har lært av å leie journalistar, og kva han vil ta med seg inn i den nye rolla.
På spørsmål om kva journalistar som har vært vanskelegast å leie, trekkjer han fram dei som alltid stiller kritiske spørsmål.
– Nokon meiner at dei verste er dei jæklane som alltid skal vere skeptiske. Men eg likar dei eigentleg best.
– Friksjon og usemje i nyheitsredaksjonar er ei form for forsikring. Det er veldig viktig i redaksjonen, for det er jo ikkje alltid glasklare svar, seier Steiro.
Han meiner dessutan at journalistane som stiller dei mest kritiske spørsmåla til leiinga, ofte er dei same som finn dei beste sakene.
– Eit rom full av journalistar, der ingen stiller spørsmål, er ikkje eit godt teikn?
– Då blir eg litt nervøs, seier Steiro.
Måtte legge ned i Tromsø
Steiro understrekar kor viktig det er å samle journalistar med ulik bakgrunn og ulike perspektiv.
– Det viktigaste i ein redaksjon, iallfall ein stor redaksjon, er å ha eit mangfald av folk.
Annonse
Han trekkjer fram at journalistar frå Sogndal, Tromsø og Groruddalen vil ha ulike erfaringar og dermed få auge på ulike saker.
Dette har vore spesielt viktig for han etter at VG la ned lokalkontora sine, blant anna det Steiro beskriv som eit godt fungerande kontor i Tromsø.
– I ettertid har det vore spesielt viktig med godt samarbeid med lokale medier.
Nedlegginga er noko av det Steiro trekk fram som ei svekking av VG under hans tid, i ein stadig tøffare medieøkonomi.
– Som toppidrett
Steiro overtok som sjefredaktør i VG i 2017, etter Torry Pedersen. No skal han sjølv vere med på å finne sin etterfølgjar.
Han legg ikkje skjul på at det er ein krevjande jobb vedkomande går til.
– Det er ikkje ein jobb du kan skru av. Det er umogleg.
Då han sjølv overtok, fekk han ei åtvaring frå forgjengaren:
– Torry sa til meg: «Gard, dette er som toppidrett. Alt i livet ditt kjem til å handle om dette no».
Det kan han no bekrefte.
Annonse
«Bar Vulkan»-saken seier Steiro var blant dei mest krevande sakene i hans tid i VG. Her frå pressekonferansa i 2019 då VG-leiinga la fram eiga evaluering etter saken.Foto: Nils Martin Silvola
Steiro seier at han hadde ei viss forståing av kva han gjekk til, etter å ha vore nyheitsredaktør i VG ei kort periode, etter leiarjobben i Bergens Tidene.
– Men eg skal innrømme at det vart endå meir intenst enn eg trudde då eg overtok, seier han i podkasten.
Vil ikkje blande seg inn i journalistikken
I den nye jobben får Steiro eit meir overordna ansvar for ei rekkje av Schibsteds mediehus. Mellom anna VG, Aftenposten, Stavanger Aftenblad og Bergens Tidene i Norge, samt Svenska Dagbladet og Aftonbladet i Sverige.
Dermed blir han også formelt sjef for mellom andre Aftenposten-redaktør Trine Eilertsen, som ein gong var sjefen hans i Bergens Tidende.
– Ho er sin eigen sjef, og det skal ho framleis vere.
Steiro understrekar at han kjenner redaktorrollen nok til at han ikkje vil blande seg inn i dei redaksjonelle arbeidet i dei ulike mediene.
– Er det nokre områder der det er ein fordel at mediene samarbeidar?
– Openbart. Særleg på produkt- og teknologiutvikling som kunstig intelligens. Konkurransen står jo mellom alle norske medium og dei internasjonale gigantane, seier han.
Schibsted sitt samarbeid med OpenAI og den nye abonnementsløysinga, som har fått ei rekke reaksjonar, er nokko av det Steiro no får ansvar for i sin nye jobb.
Desse temaene, samt Bar Vulkan-saken, kven som bør ta over VG, kor han meiner han har lukkast -og ikkje lukkast, er noko av det Steiro snakker meir om i Journalistens podkast.
Nylige artikler
Steiro om dei «verste» journalistane: – Likar dei eigentleg best
DN-journalistene fikk ikke bruke Epstein-tekst
Derfor identifiserer ikke mediene Ap-rådgiveren med hallikdom
NJ-støtte til journalistkonferanser skal «nedjusteres over tid»
Kuttene i NRK-Sørlandet: – Hva skal vi gjøre mindre av nå?
Mest leste artikler
Facebook innfører kvote: Nisjemediet får dele to lenker i måneden
Se og Hør var nær å avsløre norsk Epstein-kobling i 2012
Derfor identifiserer ikke mediene Ap-rådgiveren med hallikdom
Gard Steiros avgang passet perfekt inn i Journalistens strategi
NRK Sørlandet mister 10 prosent av redaksjonen