Meiner journalistar snakkar for mykje om seg sjølve

Eit halvt år ved Reuters Institute fekk VG-journalist Håkon Høydal til å revurdere korleis han byggjer tillit til kjelder. No har han samla forskinga i ein metode for vanskelege intervju.

VG-journalisten har fleire tips til dei som skal intervjue folk som står bak alvorleg kriminalitet, eller er offer for det.
Publisert Sist oppdatert
Lesetid: 2 min

– Å ja, du har hund. Ja, eg likar òg hundar.

Det er eit døme på ein teknikk Håkon Høydal sjølv har brukt i intervju: Å fortelje litt om seg sjølv for å skape ei kopling til personen på den andre sida av bordet.

Dette har vore ei etablert sanning blant journalistkollegaer, fortel han i Journalistens podkast. 

Men etter eit halvt år ved Reuters Institute ved Oxford-universitetet er VG-journalisten mindre overtydd om at det verkar.

– Ein bryr seg ikkje om den som gjer intervjuet. Ein bryr seg om at journalisten er dyktig og skal framstille meg som ein så bra person som mogleg.

Lærte av politiavhøyr

Denne veka publiserte Høydal rapporten How to interview perpetrators without losing your humanity – or theirs. Der har han sett på forsking på mellom anna politiavhøyr, traumebevisste intervju og korleis journalistar kan snakke med menneske som har gjort alvorlege handlingar.

Svart humor er ein måte å redusere belastninga i arbeid med sterkt materiale, i Høydal sin modell, etter inspirasjon fra Aftenposten.

Innan politiet har utviklinga over tid gått bort frå avhøyr der målet først og fremst er å få ein mistenkt til å tilstå, og mot intervjumetodar som skal hente ut mest mogleg påliteleg informasjon, forklarer Høydal.

Det meiner han journalistikken kan lære av.

– Ein konfrontasjon kan ha verdi som historieforteljing, men dersom målet er å få fram ny kunnskap, er ikkje nødvendigvis den hardaste konfrontasjonen den beste metoden.

Forskinga Høydal viser til i rapporten, peikar på at det å byggje relasjon ikkje handlar om å bli ven med kjelda eller gjere intervjuet behageleg. Poenget er å skape ein situasjon der personen faktisk er i stand til og villig til å gi informasjon.

– Vi er ein svart boks

Éin ting journalistar kan bli betre på, meiner Høydal, er langt enklare enn gode formuleringar eller psykologiske knep: Å fortelje kjelda kva som skal skje.

– Eg trur vi må erkjenne i større grad enn kanskje det vi gjer, at vi er ein svart boks for veldig mange av dei vi snakkar med.

I rapporten viser han mellom anna til råd om å forklare prosessen, la kjelda få tid, lytte meir enn ein snakkar, oppsummere det ein har forstått og varsle når intervjuet nærmar seg slutten.

Arbeidet har enda i det Høydal kallar HUMANE interview checklist, ei seksdelt sjekkliste for journalistar som intervjuar personar som har påført andre alvorleg skade.

Ho ber mellom anna journalisten vere tydeleg på kvifor intervjuet er nødvendig, undersøkje sine eigne reaksjonar og fordommar, halde fast ved dokumenterte fakta og eit menneskeleg språk, ta omsyn til dei som er råka, byggje relasjon til intervjupersonen og tenkje gjennom korleis saka blir redigert og presentert.

Metodane kan nokre gonger likne på dei terapeutar eller politiet bruker, men sluttproduktet er eit anna, peikar han på.

– Sluttproduktet vårt er informasjon. Vi snakkar med desse personane ikkje for å hjelpe dei, men for å få ut korrekt informasjon.

– Sluttproduktet vårt er informasjon.

Monster og demonisering

Høydal har i over ti år konfrontert, eller rettare sagt: intervjua overgriparar. Saman med VG-kollega Einar Otto Stangvik avslørte han verdas største forum for overgrepsmateriale i «Hunting Warhead».

Sjølv om VG-prosjektet er over for fleire år sidan, har Høydal fortsatt å ha kontakt med mannen bak, Benjamin Faulkner, som i 2019 vart dømt på livstid.

Dette fortel han meir om i Journalistens podkast, der han også åtvarer mot demonisering eller å kalle folk «monster», sjølv om det er mennesker det er lett å fordømme. 

I episoda får du også høyre noko av Faulkner sin dialog med Høydal. 

Powered by Labrador CMS