I ein bransje som er i konstant endring, er det inga fare for at denne personen går ut på dato. Enten det handlar om nye roller, nye format eller ny teknologi, er han ofte blant dei første til å kaste seg over det.
Og han er alltid lærevillig. Som hans eige mantra seier: «Kva skjer om eg brukar ein time kvar dag på å lære noko nytt?»
Han stiller også opp for fagforeininga. Treng ein nokon til å leie ein debatt eller eit arrangement, seier han stort sett alltid ja. Han har hatt utallege verv, og han var faktisk med på å starte nettopp denne prisutdelinga vi sit på her i kveld.
Han har vore ein sentral del av bergensjournalistikken heilt sidan starten av 90-talet. Men han er ikkje høg på pæra av den grunn.
Han er ufatteleg triveleg. Ein lagspelar.
Som formidlar har han ei heilt formidabel evne til å gjere kompliserte ting forståelege – spisst, presist og folkeleg.
Og så er det dette med tal, då. Veldig glad i tal. Faktisk går det rykte om at Excel-arka følgjer han langt inn i fritida. Enten det handlar om økonomi, tunge analysar eller å guide ein heil nasjon gjennom dramatiske valnattar, er han i sitt ess.
Tempoet hans tyder på at han kjem til å halde fram ei god stund til – heldigvis for oss!
Vinnaren av NJ Bergen sin heiderspris er:
Kjetil H. Dale, TV 2!
Nylige artikler
Disse får pressestøtte: Ti nye søkere får avslag
Morgenbladet fikk full støtte i PFU
Tore Strømøy-podkast felt i PFU
TV 2 avslo Haaland-intervju
Mediene skal være felleskap – ikke råstoff for KI
Mest leste artikler
Siktet finansmann forteller: Slik fikk han tilgang til upubliserte DN-artikler
TU-klubben sendte bekymringsmelding om arbeidsmiljø og ledelseskultur
– Ser ut som sikkerhetsglipp hos Dagens Næringsliv
Da livet raste sammen, bestemte han seg for å dokumentere det
Beskriver stort press mot «Profeten»-dokumentarist