Herbjørn Sørebø

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Herbjørn Sørebø er ikkje meir. Men enno kling røysta hans i øyra til alle som fekk høve til å arbeide saman med han og fylgje han som journalist og redaktør.

For Herbjørn var journalistikken meir enn eit yrke. Eg vil ikkje bruke ordet kall, for det gjev assosiasjonar til tru og teologi. Livsstil ligg nærare. Journalisten Herbjørn Sørebø var ein kvilelaus mann, alltid på leiting etter informasjon og sanning, alltid uroleg når overflata var stille, alltid på spranget når det hende noko. Eg hugsar den kvelden Torbjørn Fälldin si regjering gjekk i oppløysing i Sverige. På nokre minutter hadde Herbjørn analysen klår, og han gjekk på direkten i Dagsrevyen med ein gjennomborande kommentar. Slikt gjer berre ein journalist som har kunnskap og orden på tankane sine.

Herbjørn var av den gamle skulen av pressefolk. Han sat ikkje berre ved telefonen og skrivebordet. Datamaskinen slik vi kjenner han i dag kom ikkje inn i redaksjonen før dei siste åra Herbjørn arbeidde i Dagsrevyen. Sant å seie var han lite i redaksjonen i si tid som politisk reportar. Han var rett og slett der kjeldene for politisk journalistikk er å finne, i Stortinget, i regjeringskontora og i hovudkvartera til dei politiske partia. Samtalen var Herbjørns viktigaste reiskap, den lange samtalen der det vert tid til utdjuping og nyansar, og ikkje berre stuttversjonar av ei komplisert verd.

Herbjørn hadde den evna som mange av oss andre berre kunne misunne han, evna til å fortelje i ei rik og treffsikker språkdrakt og med eit blikk for det vesentlege i hendingane. På sitt vis var han ein purist. Han likte ikkje det tabloide formatet, dei skrikande overskriftene eller den forenkla framstillinga. Han ville gå bak nyheitene, og forklare og analysere. Ordet var for han heilagt, anten det vart brukt i ein aforisme eller i ei lang utgreiing. Innsatsen hans for det nynorske språket kan andre seie meir om enn meg. Men eg har sagt det før og eg tek det omatt her: Knapt noko menneske i det norske samfunnet i dag har gjort meir enn Herbjørn Sørebø for at nynorsk er levande som moderne tale- og skriftmål. Han nådde fram til folket med ei målform som jamvel målframande riksmålstanter på Frogner bøygde seg for i respekt, om ikkje fagnad.

For mange av oss var Herbjørn sjølve Redaktøren. Åra hans som sjef for Dagsrevyen vart ikkje mange. Men desse åra vil vi hugse som eit gjennombrot for den oppsøkjande journalistikken, der NRK gjorde seg fri frå minutt-demokratiet og programregulerande tvangstrøyer. Året 1989 vart lagnadstungt ikkje berre for Europa, men også for Dagsrevyen som journalistisk bodbringar. Som redaktør tok Herbjørn alle dei grepa som skulle bli tatt. Han fekk ekstrasendingar på lufta, og han viste veg inn i ei ny og spanande fremtid for fjernsynet som nyheitsmedium. Vi var med der det hende. Vi sprengde alle budsjett med liv og lyst, og fekk trugsmål om administrative åtgjerder. Men kva gjorde vel det? Vi hadde satt nyheitene øvst, og pengane nedst. Administrasjon med personalsaker og økonomi var ikkje Herbjørn si sterkaste side. Han var der ein redaktør skal vere: På journalistikken si side.

Nokre få ord om Herbjørn som kollega og ven. Han levde eit hektisk og kraftslukande liv. Humøret kunne nok svinge mellom mørke og ljos. Men alltid var der varme og nærleik. Og dei tunge stundene slo brått over i låtten og gleda.

No er det stille kring oss. Men Herbjørn vil alltid vere med som ven og kollega.

Powered by Labrador CMS