Ida Lødemel Tvedt og May Linn Clement er begge tilsett i fast halv stilling i Dag og Tid.
Foto: Privat
MEDIEFOLK:
Ida Lødemel Tvedt og May Linn Clement til Dag og Tid
–Har lenge mistenkt Dag og Tid for å vere den ideelle arbeidsheimen for meg.
Dag og Tid har tilsett Ida Lødemel Tvedt og May Linn Clement i faste stillingar, skriv avisa i ei pressemelding.
Tvedt dukka første gong opp i spaltene i Dag og Tid i 2019, og har sidan skrive reportasjar
for avisa med ujamne mellomrom. No er ho tilsett i fast halv stilling.
– Eg har lenge mistenkt Dag og Tid for å vere den ideelle arbeidsheimen for meg, og eg har store
planar for korleis eg skal nytte meg av takhøgda som finst i redaksjonen, seier Tvedt.
– Ida skriv godt, og ho har ei eiga tilnærming til mange saker, som både kan provosere og gje ny
innsikt. Det skader heller ikkje at bestemora budde i Aasentunet, seier ansvarleg redaktør i Dag og
Tid, Svein Gjerdåker.
Tvedt har gjeve ut essaysamlinga «Marianegropen» (2019), som er omsett til
dansk, tysk og nederlandsk, og fekk i 2021 Arne Hestenes’ journalistpris.
May Linn Clement har teikna og skrive artiklar i Dag og Tid i ei årrekkje. No har også ho takka ja til ei
fast halv stilling.
– Eg har vore knytt til avisa lenge og veit at det er ein god stad å vere. Eg er takksam for at
slumpetreff i livet har leidd meg til Dag og Tid, seier Clement.
Ho har bachelorgrad i fjernsyns- og multimedieproduksjon frå Universitetet i Stavanger og har tidlegare vore lokalavisjournalist. Nyleg tok ho steget opp på standupscena som komikar.
– May Linn kan både teikne og skrive. I tillegg er ho morosam. Kva meir kan ein be om? Ho drøymde
om å vere fri, utan fast tilknyting, men no har vi klart å binde henne fast til masta i Dag og Tid, seier ansvarleg redaktør Gjerdåker.
Clement vil halde fram med å arbeide frå heimstaden i Austevoll.
Nylige artikler
Når et helt fagområde blir en journalistisk hvit flekk
Hvordan dekke en redaktør som bryter alle normer?
17 kjappe
iTromsø er årets mottaker – nå avvikles Anne Jacobsens minnepris
20 år etter vet vi fremdeles ikke hvem som sto bak drapet
Mest leste artikler
NRK ba ansatte slutte å strømme gravferden på nettet
Oslo-redaksjon tilbyr gratis journalistikk som går i dybden – regninga tar amerikansk milliardær
Forkaster Se og Hørs anke etter Høiby-rettssaken
Jørgen Gilbrant fjernet Altinget-vits fra Facebook
Redaktørens avgang overrasket: – Skaper ikke akkurat ro