Adresseavisen gjorde ein skikkeleg dritjobb om til prisvinnande gravejournalistikk og eit nyttig badeverktøy. No håper dei på meir kloakkjournalistikk til folket.
Gravesjef i Adressa Lajla Ellingsen (t.v.) og journalist Margrete Konstad (t.h.) på veg ned til ei av dei største kloakkpumpene i Trondheim. Bilete av utsleppsfunn rundt.Foto: Håvard Haugseth Jensen
– Eg talte vel rundt 30 tampongar rundt føtene mine, og det var kloakksøppel oppover treda. Det var så ekkelt. Da skjønte vi at vi hadde ei stor sak, fortel journalist Margrete Konstad, om da dei undersøkte langs Nidelva i Trondheim.
No har ho blitt meir restriktiv på kvar ho vel å bade, spesielt saman med ungane.
– Mengden urenska kloakkutslepp i Noreg har sjokkert meg, det er heller ikkje noko lovregulert grense på det, seier ho.
– Frå data til badesnakkis
Gravejournalistane i Adressa brukte eit år på å avdekke tusenvis av urensa kloakkutslepp, dokumenterte mangelfull reinsing over heile landet og avslørt at norske reglar ikkje er i tråd med EUs avløpsdirektiv.
Men korleis kunne kloakk og systemkritikk bli interessant for lesaren?
Bading!
– Vi såg på kva badeplassar i Trondheim som hadde utslepp i nærleiken.
Kloakk-kartet.Skjermdump Adressa.no
Sli vart kloakk-kartet ein realitet. Saman med utviklarane i avisa lagde dei eit kart som viser kloakkutslepp i nærleiken av badeplassar over heile landet. Tenesta vart hyppig brukt, ikkje berre i Trøndelag.
– Det vart ein stor snakkis. Eg høyde sjølv folk snakke om det på strendene. Fleire har endra badeplass etter å ha brukt kartet, seier Konstad.
Annonse
Utan støvlar – ingen avsløring
Men innsamling av data var ikkje nok aleine. Journalistane måtte ut. I regn. Ved lågvatn. I elver og fjørekantar. Ved overløpsrøyr og på badeplassar.
– Vi måtte tett på materien, og vart skitne undervegs. Det var ein skikkeleg ditjobb, men veldig artig, fortel Konstad.
Fleire støvlar vart kasta undervegs, fortel ho.
– Støvlane var fulle av brunt vatn.
Feltarbeidet gav både nye funn og bilete som gjorde eit usynleg problem konkret.
– Utsleppa er ikkje synlege, det er utfordringa. Kloakkrøra, både dei reinsa og ureinsa går under bakken, under vatn.
Grovarbeidet var også ein viktig del av metoden.Foto: Håvard Haugseth Jensen
– Ikkje berre bæsj
For å undersøke korleis badegjestar vart informerte om dårleg vasskvalitet, drog Margrete sjølve til den populære badeplassen Havet i Trondheim. Inkognito, i badedrakt.
– Det hadde regna mykje, og da er risikoen større for kloakk i vatnet. Kommunen seier dei tek prøver og har kontroll, men svar på analysene får dei ikkje får eit døgn seinare.
Seinare viste prøver rekordhøge verdiar av E. Coli i badevatnet denne dagen.
Foto: Håvard Haugseth Jensen
– Vatnet var brunt, men dei som bada visste ikkje om risikoen, og det var ikkje opplyst om faren, fortel Konstad, som sjølv heldt seg på land.
Annonse
Ho er usikker på om folk er klar over kor farleg det kan vere.
– Det er ikkje berre rein bæsj, men også tungmetaller, mikroplast, antibiotikarestar og sjukdomsfremjande bakteriar. Det er ekkelt, men kan også gjere deg sjuk.
KI som kodehjelpar
Prosjektet til Adressa starta som ei KI-øving på eit kurs ved Senter for undersøkande journalistikk, inspirert av ein lokal konflikt om eit kloakkrøyr. Etter kvart voks det til eit av dei største graveprosjekta Adresseavisen har gjort.
Journalistane nytta språkmodellar til å lese hundrevis av dokument, hente ut informasjon frå utsleppsløyve og skrive kode til datamodellen dei bygde.
Samtidig understrekar dei at alle analysar måtte kontrollerast manuelt, og at dei sjølve måtte gjere den journalistiske jobben, med KI som ein sparringspartnar og kodeassistent.
– Det har vore eit viktig verktøy, med det kom nokre uriktige forslag og antakingar frå KI innimellom, forklarar ho.
Ber fleire lage kloakksaker
Avsløringane og Kloakk-karet vart delt med andre Polaris-aviser. Dermed vart prosjektet nyttig også for lokal journalistikk flere stader.
Adressa-journalistane er i gong med andre prosjekt, men meiner det er meir å hente frå arbeidet dei har starta.
– Det finnast meir her. Nasjonalt er det nok meir igjen å jobbe med. Fleire gode avsløringer. Det er merkeleg kor lite eg visste om dette før, for Norge reinsar ikkje godt nok. Eg håper at fleire tek tak i dette, seier ho.
– Også i Oslo-fjorden! Der har de mange problem. Berre så du veit det, legg trønderen til og ler.
Annonse
– Kva tips har du til jouralistar som vil lage miljøstoff som dette?
– Det er fint å vite om miljøinformasjonslova, som hjelper med innsyn mot private foretak. Det er også utruleg mykje data tilgjengeleg, som ein kan lage mykje kult ut av.
Nylige artikler
Journalistane endra badevaner etter avsløringane
Nødetatane i mediene: Vil bort frå peikefinger
Tønsbergs Blad sletter video: – Rett og slett lavmål
– Overraska over kor lite regulert det er
– Den største investeringa på lenge
Mest leste artikler
Tønsbergs Blad sletter video: – Rett og slett lavmål
Forsvaret knebler ansatte og vernepliktige
– Overraska over kor lite regulert det er
Ung redaktørbølge i fleire lokalaviser
Nødetatane i mediene: Vil bort frå peikefinger