Nødetatane i mediene: Vil bort frå peikefinger

Innsatsleiarane frå brann og helse vil ikkje vere «dei kjedelege» stemmene i mediene, og ønskjer eit tettare samarbeid. Med ein litt annan strategi enn tidlegare.

Pressebrief frå brannvesenet, som vil bli meir synleg i mediene.
Publisert
Lesetid: 2 min

Når journalistar kjem til ein skadestad, er det ofte innsatsleiaren i politiet som gjer dei fleste intervjua.

Men både brann- og redningsvesenet og ambulansetenesta vil ikkje blir oversett på skadestad, og meiner dei har meir å bidra med enn mange journalistar er klar over.

– Alle tre nødetatane må ta sin plass i oppfølginga til media, seier innsatsleiar i Oslo brann- og redningsetat, Knut Halvorsen i Journalistens podkast.

Han fortel at brannvesenet gjerne har eigne bodskap dei vil ut med, for eksempel om korleis innsatsen og ressursane blir brukt, med mål om at publikum kan lære av hendingane.

Vil bort frå peikefingeren

Halvorsen meiner brannvesenet bør tenkje nytt om det førebyggjande arbeidet.

Innsatsleiar i Oslo brann- og redningsetat, Knut Halvorsen

– Det at vi som brannvesen skal ut med peikefingeren om lading og røykvarslarar for eksempel, det er ein gammal strategi som vi kanskje skal begynne å gå litt bort frå, seier han.

I staden ønskjer han å bruke verkelege hendingar som døme.

Når ein røykvarslar reddar liv eller eit burettslag har gjort det mogleg for stigebilen å kome fram, meiner han det gir langt sterkare bodskap enn generelle åtvaringar.

– Eg trur det er mykje bodskap vi kan få ut som vil ha ein veldig god førebyggjande effekt. Det kunne eg ønskje vi hadde meir fokus på, seier Halvorsen.

– Vi har vore dei kjedelege

Innsatsleiar helse, Thomas Johannesen meiner ambulansetenesta historisk har vore tilbakehalden i møte med media.

– Vi har ofte vore dei kjedelege å snakke med. Det har litt med at vi har denne teieplikta som vi må forhalde oss til, seier han.

Han meiner det har gjort at journalistar ofte har halde seg unna helsepersonell.

Innsatsleiar for helse, Thomas Johannesen.

– Vi ser at vi òg kan selje oss sjølve betre, og den jobben vi gjer. Det ønskjer vi, seier Johannesen.

– Vi kan fortelje om hovudtrekka i korleis vi jobbar, kva prioriteringar vi gjer, og vi kan kome med tryggingsråd eller seie at vi har kontroll på situasjonen, seier han.

– Ein ting er jo kva dere seier «on record», men de kan kanskje gi meir «off record», slik at mediene kan få med seg nytting informasjon, som ikkje nødvendigvis skal på trykk?

– Ja, absolutt. For eksempel kan vi opplyse om at det er snakk om eit sjølvmord, og så handterer journalistane det i tråd med presseetikken.

Ønskjer fleire eigne saker

Begge innsatsleiarane håpar journalistar i større grad tek kontakt, også når det ikkje brenn eller skjer store ulukker.

På spørsmål om kva saker dei gjerne skulle sett meir i mediene, så trekk Halvorsen fram brannar i elsparkesyklar som eit døme på saker med stor nytteverdi.

– Når det faktisk skjer, trur eg det har ein veldig god førebyggjande effekt. Då ser folk at dette ikkje berre er noko vi seier kan skje, seier han.

Johannesen peikar på varmebølgjer, drukningsfare og ulukker som tema der helsevesenet gjerne bidreg med kunnskap og råd i sommar.

– Det kan bli ganske mange bra saker ut av sånne ting. Når journalistar tek kontakt, får dei ganske mykje av oss, seier han.

Begge meiner eit tettare samarbeid mellom media og nødetatane kan gi journalistikken meir enn berre oppdateringar frå politiet, og samtidig bidra til betre informasjon og meir førebygging ute i samfunnet.

Deler erfaring med journalistar

I serien «Klar når det smeller» i Journalistens podkast deler dei to erfarne innsatsleiarane sine erfaringar med pressa, korleis samspelet fungerer i dag og kva dei skulle ønske var annleis. 

Høyr episoda no:

Powered by Labrador CMS