Hallingdølen-duo får nynorskpris

Roger Aarli-Grøndalen
nyhetsstudio

Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar går i 2025 til Olav Johannes Bøthun og Tor Folgerø i avisa Hallingdølen.

– Eg må takke alle eg har jobba med i Hallingdølen opp gjennom alle år. Dei har lagt grunnlaget for dette. Det å dyrke godt språk sit i veggane i Hallingdølen. Slik har det vore i alle dei åra eg har jobba her. Difor deler eg utmerkinga med alle eg har jobba med. Ikkje kronemessig, altså – det må eg tenkje litt meir på, sa Bøthun da han mottok prisen.

Juryen skriv:

«Godt avisspråk er alltid godt lagarbeid. Hallingdølen er ei avis som har imponert dei fleste i bransjen over fleire år når det gjeld utvikling, kreativitet og journalistisk skaparglede. At dette skjer på klart og effektivt nynorsk i eit dalføre der språket er under press, er ekstra gledeleg. Hallingdølen er eit førebilete for andre nynorskaviser, og dei to vinnarane har neppe noko mot å dele litt av heideren med resten av redaksjonen.»

Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar blir delt ut under dei nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta fredag 13. juni.

Det er den 20. gongen prisen blir delt ut sidan starten i 2006, og prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk.

Tor Folgerø (t.v.) og Olav Johannes Bøthun (midten) er vinnarar av nynorskprisen for journalistar 2025. Offentleggjeringa av prisen var kamuflert som ein seanse om ny teknologi, og prisvinnarane vart mildt sagt sette ut då jurymedlem Jens Kihl dukka opp med bodskapen om at dei hadde vunne.

Om prisvinnarane:

Olav Johannes Bøthun er lærarutdanna og begynte å jobbe som journalist i Hallingdølen i 1987. I desse åra har han hatt dei fleste funksjonar i redaksjonen. Han har mange år bak seg som utgåvesjef og vaktsjef.

Tor Folgerø begynte som journalist i Hallingdølen i 2010. Han kom då frå lærarjobb i grunnskulen. Dei siste par åra har han også jobba som utgåvesjef og inngår i dag i avisas deskturnus.

Powered by Labrador CMS