Svanhild Breidalen er ny redaktør i Fjordenes Tidende

Roger Aarli-Grøndalen
mediefolk nyhetsstudio

Styret i Fjordenes Tidende AS har tilsett Svanhild Breidalen (53) som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar.

Breidalen kjem frå stillinga som konstituert redaktør i Fjordenes Tidende og har lang erfaring som journalist og redaksjonssjef i same mediehus.

– Å få lov til å leie ei avis som eg har jobba og trivst i 15 år, er både ei ære og eit stort ansvar. Eg er glad i lokaljournalistikken og plassen eg bur på, og no får eg moglegheita til å utvikle noko eg verkeleg trur på saman med folk eg både likar og respekterer, seier Breidalen i ei pressemelding.

Svanhild Breidalen.

Fjordenes Tidende er heileigd av Sunnmørsposten, og er ein del av mediekonsernet Polaris Media.

Den nye redaktøren startar i stillinga 15. mai.

– Vi er særs nøgd med tilsettinga av Svanhild Breidalen som ny eineleiar i mediehuset. Ho har lang erfaring, digital kompetanse og kjenner lesarane, nærmiljøet og næringslivet godt. Med Svanhild i sjefsstolen har vi alle mogelegheiter til å ta nye steg og gi lesarane god og truverdig journalistikk på alle plattformer, seier styreleiar Frank Støyva Emblem.

Powered by Labrador CMS