Ny leiarstilling for Jens Kihl

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio mediefolk

Bergens Tidende har tilsett Jens Kihl (40) som ny leiar for avdelinga kultur og samfunn.

Tilbake på kulturfeltet.

Kihl har jobba i BT sidan 2018 og har tidlegare erfaring frå Klassekampen. I Bergens Tidende har han mellom anna vore kommentator, kulturredaktør og frontsjef.

Frå oktober 2021 til april 2025 var han kulturredaktør med ansvar for kultur, byliv og debatt. Før det var han kommentator. Kihl har også skrive tre bøker og har ein bachelorgrad i sosiologi.

Nyheitsredaktør Liv Okkenhaug er svært glad for at Kihl har takka ja til stillinga.

– Jens er ein erfaren leiar, kjenner kulturfeltet i Bergen godt og brenn for journalistikken som er tett på livet til folk. Eg gler meg til å sjå kva han og avdelinga får til framover, seier Okkenhaug.

Kihl ser fram til å ta fatt på den nye rolla.

– Vi skal lage journalistikken som er tettast på livet og tettast på det folk bryr seg om, seier Kihl.

Powered by Labrador CMS